Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Produksjon og arbeidChevronRight
  4. OrganisasjonsteoriarChevronRight
  5. Organisasjonar og organisasjonsteoriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Organisasjonar og organisasjonsteoriar

Ein organisasjon har eitt eller fleire felles mål som medlemmene i organisasjonen arbeider for å nå. Kvar enkelt organisasjon har sin måte å organisere seg på, og organisasjonsteoriar hjelper oss forstå og analysere korleis organisasjonar fungerer – og nokon gonger ikkje fungerer!

Gruppe mennesker som former en pil. Foto

Kva er ein organisasjon?

Du kjenner sikkert til fleire organisasjonar, sjølv om du ikkje tenkjer på dei som det til vanleg. NAV, Forsvaret, Google, DNT, NOAH, Redd Barna, Røde Kors, Norges Idrettsforbund og skulen din er berre nokre få døme på organisasjonar. Organisasjonar kjem i alle moglege storleikar, og dei kan vere både innanfor privat sektor og offentleg sektor. Dei kan vere både lokale, nasjonale og internasjonale.

Ein organisasjon må ikkje nødvendigvis ha eit mål om høgast mogleg økonomisk utbyte. Det kan også vere mål som er knytt til verdiar, interesser og livssyn. Dei frivillige organisasjonane er eit døme på dette.

Men alle organisasjonar har noko til felles: kvar organisasjon har eitt eller fleire felles mål, og dei løyser ei eller fleire bestemte oppgåver i samfunnet. Omgrepet "organisasjon" kan vi forstå som:

"et sosialt system som er bevisst konstruert for å løse spesielle oppgaver og realisere bestemte mål" (Jacobsen og Thorsvik, 2008, s 13)

Til dømes har Forsvaret oppgåver og mål som går ut på å beskytte, skape sikkerheit og tryggleik for befolkninga, internasjonalt samarbeid som fredsbevarande operasjonar, og å støtte det sivile samfunnet ved naturkatastrofar, terrorangrep og kriser.¹

Kvar organisasjon har sin organisatoriske struktur, ein modell for korleis organisasjonen er bygd opp. Det kan til dømes vere ein hierarkisk struktur, der makt og vedtaksmakt aukar jo høgare opp i hierarkiet ei rolle er, eller det kan vere ein tilnærma flat struktur, der makt og mynde er meir spreidd ut over dei enkelte rollene i organisasjonen.

Innetter i ein organisasjon kan det vere både formelle og uformelle strukturar. Formell struktur kan vi sjå og kjenne att i til dømes organisasjonskart, regelverk og retningslinjer, vedtaksprosessar og planar. Formell struktur er ofte lett å sjå, og er meir uforanderleg enn uformell struktur. Uformelle strukturar er dynamiske, dei endrar seg ofte og er ikkje like lette å få auge på dersom du ikkje er ein del av organisasjonen. At det finst uformelle strukturar er ikkje nødvendigvis negativt. Tvert i mot er det en del av "livet" mellom menneska i ein organisasjon. Kvar organisasjon har sin eigen kultur, altså normer, verdiar, kunnskap og haldningar, og ofte vil den uformelle strukturen fortelje oss mykje om organisasjonskulturen til ein gitt organisasjon.

Kandidater til forsvaret i testløype. Foto
Frå opptaksprøve i Forsvaret. Korleis er Forsvaret bygd opp som organisasjon, trur du?

Kva er organisasjonsteoriar?

Organisasjonsteoriar er idear om kva organisasjonar er, korleis dei fungerer, korleis dei er bygde opp og korleis dei blir leidde. Desse teoriane har utvikla og endra seg i takt med korleis samfunn endrar og utviklar seg, ofte som følgje av endringar i arbeidslivet, produksjon og teknologiske nyvinningar.

Vi har mange ulike teoriar og idear om dette, og nokre døme er:

  • scientific management
  • human relations
  • byråkratiteori
  • teoriar og perspektiv som tek for seg organisasjonskultur

Organisasjonsteori handlar om korleis vi brukar dei menneskelege ressursane i ein organisasjon for å nå måla til organisasjonen. Vi brukar organisasjonsteoriar for å forstå, beskrive, forklare og analysere organisasjonar. Kva gjer dei? Korleis gjer dei det? Kvifor gjer dei det på den eine eller andre måten? Ikkje berre for å gi eit bilete av "stoda" – organisasjonsteoriar er også til for å endre og utvikle organisasjonar. Organisasjonar som lukkast med noko, blir ofte "modellar" for andre. Organisasjonar forsøker ofte å kopiere andre sin suksess! Nokre gonger med vekslande hell, for ein organisasjon har ofte eit "indre liv" som ikkje alltid lèt seg kopiere.

Ein organisasjon kan ha trekk og "tankegods" frå fleire av dei teoretiske retningane, og vi skal gå nærmare inn på nokre av dei.

Viss du var rektor på skulen din - kva ville du gjort for å ha "revolusjonert" heile måten organisasjonen – skulen – er bygd opp på?

Litteraturliste:

Jacobsen, D. og Thorsvik, J. (2008).Hvordan organisasjoner fungerer. Bergen: Fagbokforlaget.

Informasjonsside frå forsvaret.no om forsvaret sine oppgåver.

Læringsressursar

Organisasjonsteoriar