Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. KulturforståelseChevronRight
  4. Forskjellige kulturar og kulturforskjellarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Pecha Kucha om ungdomskultur

Som ungdom er du del av ungdomskulturen i dagens samfunn, med alle dei kulturelle variasjonane det inneber. No skal du forsøke å beskrive, forklare og reflektere over dette gjennom å lage din eigen PechaKucha.

Ung jente som foran graffittivegg. Foto
Symboliserer dette noko ved ungdomskultur eller ikkje?

Pecha Kucha om ungdomskultur

Du skal lage ein PechaKucha 20x20 som beskriv, forklarar og reflekterer over det du meiner er trekk ved ungdomskulturen i dagens samfunn. Du skal med andre ord præve å beskrive og seie noko om ein kultur du sjølv er ein del av!

Link til artikkelen PechaKucha 20x20 på ndla.no.

Dette skal du gjere gjennom å ta utgangspunkt 20 lysark der du snakkar i 20 sekund på kvart lysark. Presentasjonen skal vare 6 minutt og 40 sekund - 20 lysark x 20 sekund blir 6.40. Kvart lysark skal bestå av eitt bilete og/eller eitt omgrep. Bileta må passe som illustrasjon til omgrepet.

For å kome i gang med kva du skal sjå etter, kan du sjå på artikkelen "Ungdomskultur" på Wikipedia som eit startpunkt.

Du må ikkje nødvendigvis definere kvart einaste omgrep. Du viser at du kan bruke dei på ein riktig måte gjennom å knytte dei til konkrete døme når du beskriv og forklarar.

Presentasjonen din kan du spele inn som ei videofil og dele med faglærar og/eller klassen, eller det kan vere ein munnleg presentasjon framfor lærar og klassen din.

Tips

Screencast-O-Matic kan brukast for å spele inn presentasjonen.

Omgrep du kan bruke

  • subkultur
  • identitet
  • kultur
  • normer, formelle og uformelle
  • sanksjonar, formelle og uformelle
  • kjønnsroller
  • rollekonflikt
  • delkultur
  • globalisering
  • sekularisering
  • samfunn
  • roller
  • sosial kontroll
  • majoritetskultur
  • kulturelle symbol
  • sosialt system
  • klasse
  • motkultur
  • sosialisering
  • primærgruppe
  • sekundærgruppe
  • sosial gruppe
  • funksjonstapping
  • prefigurativ sosialisering
  • ritual
  • etnisitet
  • opinionsleiarar
  • sjølvpresentasjon og sosiale medium

Kjenneteikn for måloppnåing

Høg måloppnåing

  • Framføringa har eit godt fagleg innhald, eleven viser at fagomgrep og faguttrykk brukast aktivt.
  • Eleven kan forklare, beskrive og reflektere over temaet ungdomskultur gjennom mange døme, og bruker relevante omgrep knytt til døma.
  • Innhaldet er godt strukturert, med 20 lysark der bileta er representative for kva eleven tar opp.
  • Eleven held tida pr lysark, og samla. (6.40)
  • Snakkar ut frå bileta/presentasjonsforma og har eit fritt forhold til dette. Har god og tydeleg stemme og fint tempo.

Middels måloppnåing

  • Tilfredsstillande fagleg innhald, bruker fleire fagomgrep og uttrykk.
  • Har med døme til ein del av omgrepa, og forklarar og beskriv fleire trekk knytt til ungdomskultur.
  • Innhaldet er til dels strukturert, enkelte bilete manglar noko samanheng med tema/omgrep.
  • Eleven held tida totalt på presentasjonen (6.40). Les ein del/noko bunde til manus.

Låg måloppnåing

  • Få fagomgrep og uttrykk, brukar noko “kvardagsspråk”
  • Har med enkelte døme, og beskriv nokre trekk ved ungdomskultur
  • Innhaldet er ustrukturert, presentasjonen er kortare enn 5 minutt/lengre enn 7 minutt.

Læringsressursar

Forskjellige kulturar og kulturforskjellar

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter