Hopp til innhald

  1. Home
  2. Sosiologi og sosialantropologiChevronRight
  3. Metodeskulen: samfunnsvitskapleg metodeChevronRight
  4. Teori og empiriChevronRight
  5. Ungdom og rusbruk – bruk av hypotetisk-deduktiv metodeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ungdom og rusbruk – bruk av hypotetisk-deduktiv metode

Vi kan ta utgangspunkt i tema om ungdom og rusbruk. La oss no sjå på korleis vi kan nytte Durkheim sin studie av sjølvmord for å få til ei undersøking om rusbruk blant ungdom.

En hånd med en joint. Foto.

Bakgrunn

Vårt første skritt er å formulere ei problemstilling. Deretter må vi formulere ein generell modell.

Figuren viser to boksar ved sida av kvarandre. Desse to boksane har fått overskriftene Årsak og Verknad. Verknaden veit vi noko om, den kan vi kalle variasjon i rusbruk blant ungdom. Sjølv om massemedia periodevis gir uttrykk for at det er omfattande rusbruk blant ungdom, må vi gå ut frå at det er variasjonar blant ulike ungdomsgrupper. Men kva er årsakene til bruken av rus, og kva er årsakene til variasjonen?

Oppgave

Gå saman i grupper og diskuter. Lag deretter forslag til

  • problemstilling
  • modell
  • hypotesar

Gi deretter ei beskriving av kva for data vi treng for å teste hypotesene, og korleis vi skal samle inn slike data.

Læringsressursar

Teori og empiri

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter