Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Fysiologien til mennesketChevronRight
  4. NervesystemetChevronRight
  5. Slik fungerer øyretChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik fungerer øyret

Øyret har som oppgåve å fange opp lydbølgjer frå omgivnadene. Lydbølgjene blir forsterka og danna om frå mekaniske vibrasjonar til elektriske impulsar. Når desse blir sende via høyrselsnerven til hjernen, blir dei tolka som lyd.

Høyrsel: lydbølgjer når øyret

Korleis vi oppfattar lyd:

  • Lydbølger som kommer fra stemmegaffelen og fanges opp av øret. Illustrasjon.
    Øyret fangar opp lydbølgjene frå stemmegaffelen.
    Det ytre øyret (øyremuslingen og øyregangen) fangar opp lydbølgjene frå omgivnadene. Lydbølgjene blir førte vidare innover øyregangen, der dei blir forsterka før dei når trommehinna.
  • Trommehinna er ein fleksibel membran som begynner å vibrere når ho blir treft av lydbølgjene (1).
  • Vibrasjonane i trommehinna blir overførte til dei små øyrebeina i mellomøyret (hammaren, ambolten og stigbøyelen) og får desse til å bevege seg fram og tilbake (2).
  • Det luftfylte mellomøyret forsterkar lydbølgjene ytterlegare og sender bølgjene vidare til det væskefylte indre øyret. Dette blir gjort ved at stigbøyelen slår som eit stempel mot det ovale vindauget, som er inngangen til sniglehuset i det indre øyret.
  • Sniglehuset består av tre væskefylte kanalar. Væska kjem i rørsle når stigbøyelen trykkjer mot det ovale vindauget.
  • Den midtarste kanalen er skild frå den nedste med ein membran, kalla basilarmembranen. Sansecellene (hårcellene) sit her omgitte av støtteceller og har ein geléaktig dekkmembran, tektorialmembranen, over seg (3).
  • Væskerørslene i det indre øyret fører til at basilarmembranen begynner å svinge, noko som igjen fører til at tektorialmembranen blir forskyvd i forhold til sansecellene (hårcellene).
  • Sansecellene (mekaniske reseptorar) blir aktiverte når håra blir bøygde fordi dei blir påverka av lydstimulusen. Bøyinga av håra får ionekanalar til å opne seg. Dette fører vidare til at transmitterar blir frigjorde slik at nerveimpulsar blir sende langs nervefibrane i høyrselsnerven og fram til høyrselssenteret i hjernen (4) og (5).
  • I hjernen blir nerveimpulsane sette om og tolka til det vi oppfattar som lyd (6).

Læringsressursar

Nervesystemet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Regulering av lysmengden gjennom pupillen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Grå stær (katarakt)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Multippel sklerose (MS)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Borrelia (Lymme borreliose)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonsområdene til hjernehalvdelene

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Epilepsi

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Test og simulering om lys, farger og fargesyn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff