Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Biologisk mangfaldChevronRight
  4. SystematikkChevronRight
  5. Eukarya – dyreriket (Animalia)ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eukarya – dyreriket (Animalia)

Dyreriket er det største riket målt i talet på artar. Nesten 75 prosent av alle beskrivne artar høyrer til dyra. Av dei er cirka 75 prosent insekt, og stadig oppdagar vi nye artar.

Blå øyenstikker sitter på et blad. Foto
Vannymfe er ein liten augestikkar som høyrer ril den mest artsrike gruppa innan dyreriket – insekta.

Dyra er heterotrofe – dei får energi frå andre organismar

Brunbjørn fisker laks. Foto.
Brunbjørnen må i likskap med alle andre dyr skaffe seg den energien han treng frå andre organismar.

Dyra er i likskap med plantane fleircella, eukaryote organismar. Den største forskjellen mellom dyr og plantar er korleis dei skaffar seg næring. Dyra har ikkje moglegheit til å lage energirike sambindingar sjølve slik plantane gjer ved fotosyntese. Dyra manglar nemleg kloroplast (manglar òg cellevegg og vakuolar) i cellene.

Dyra tek opp næring ved å bryte ned kjemiske sambindingar frå levande eller døde organismar som dei et. Dei blir derfor kalla organismar. Blant dei heterotrofe organismane er det stor variasjon i korleis dei ulike dyra i riket tek opp næring.

Dyra har kompleks oppbygging og spesialiserte celler

Dyra er spesielle på den måten at dei har forskjellige typar av spesialiserte celler og samansette kroppsstrukturar. Kompleksiteten hos dyra aukar frå å bestå av spesialiserte celler til å ha vev, organ og organsystem.

Hvit svamp på stein. Foto
Svampane er dei mest "primitive" av dei fleircella dyra. Dei har ingen organ.

Svampane er dei dyra som er enklast bygde opp. Svampane har ikkje utvikla vev og organ, men har spesialiserte celler som utfører ulike oppgåver. Nesledyra blir rekna som den første rekkja som utvikla vev, mens flatormane mest sannsynleg var dei første organismane som utvikla spesielle organ. I det neste nivået finn vi mellom anna oss sjølve. På dette komplekse nivået jobbar fleire organ saman i såkalla organsystem som utfører bestemte oppgåver (til dømes nervesystemet og fordøyingssystemet).

Inndelinga innanfor dyreriket

Det rår ein del usemje om klassifiseringa innanfor dyreriket, både på høgare og lågare systematiske nivå (alt frå talet på rike til den finare inndelinga av dei enkelte slektene).

Under følgjer ein kort presentasjon av dyreriket:

Systematiske grupper i dyreriket

Læringsressursar

Systematikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter