Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. BufféChevronRight
  5. JulebordChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Julebord

I jula står tradisjonane sterkt, og maten vi et er gjerne den same frå år til år. Til festlege samkomer i jula serverer ein gjerne eit julebord som bognar av tradisjonelle rettar.

Ribbe på eit fat med poteter, raudkål og rosenkål. Foto.

Tradisjonell julemat

Julemat har sterke og lange tradisjonar i Noreg. Nordmenn er aldri så konservative som når det gjeld julematen. Dei ulike landsdelane har sine eigne tradisjonar, og eit tradisjonelt julebord har som oftast ein liten smakebit av alt. Mange av rettane på eit julebord er konserverte, det vil seie salta, røykt eller tørka. Det heng saman med korleis ein kunne ta vare på maten frå gammalt av, og blir framleis brukt i vår tid.

Vanlege rettar på eit tradisjonelt julebord:

Brødvarer:

  • Lefse, flatbrød, fine og grove brødtypar.

Kalde rettar:

  • Rakfisk med tradisjonelt tilbehøyr
  • Røykelaks med eggerøre
  • Gravlaks med sennepssaus
  • Skaldyrsalat med urtekremdressing
  • Aure- og skaldyrterrin
  • Sylta laks med peparrotkrem
  • Ulike typar sild
  • Sylteflesk
  • Lammerull
  • Glasert juleskinke med syrlege grønsaker
  • Spekeskinke og spekepølse med potetsalat
Bilde av fenalår tilberedet med rømme og flatbrød
Fenalår, rømme og flatbrød.

Varme rettar:

  • Pinnekjøt med kålrotstappe, kjøtsjy og kokte poteter
  • Svineribbe med surkål/raudkål, svisker, brun saus og kokte poteter
  • Medisterkaker og pølser, svisker og eple
  • Lutefisk, ertepuré, baconfeitt, sennepssaus og kokte poteter
  • Kokt kveite eller torsk, sandefjordsmør, dampa grønsaker og kokte poteter.

Dessertar:

  • Riskrem med raud saus
  • Karamellpudding med piska krem og karamellsaus
  • Moltekrem
  • Iskrem

Kaker:

  • Kransekake, krumkake, sandkaker, berlinarkransar, fattigmann, hjortetakk, peparkaker, fruktkaker, blautkaker, nøttekaker og marsipankaker.

Frukt og nøtter:

  • Eit assortert utval av frisk frukt, dadlar, fiken og nøtter.
Karamellpudding med krem. Foto.
Karamellpudding er en populær dessert på julebordet.

Mengdeutrekning

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort julebordet er, og mengde kjøt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person inkludert tilbehøyr. Lenkje til fagartikkel om mengdeutrekning på ndla.no.

Drikke:

Tradisjonelt drikk ein øl og akevitt til julemat. Vin kan òg passe. Lenke til artikkel om drikke til julemat på vinmonopolet.no.

Alkoholfritt: Isvatn, kaffi, te og mineralvatn.

Videoar

Her kan de sjå tre videoar der polkokkane lagar til julemat og anbefaler drikke

Læringsressursar

Buffé

SubjectEmne

Fagstoff