Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Lover og reglarChevronRight
  5. ServeringslovaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Serveringslova

Den som skal drive ein serveringsstad, må ha serveringsløyve. Kva som er å rekne som ein serveringsstad, blir definert av serveringslova. Serveringslova gjeld etablering og drift av alle serveringsstader der det blir servert mat og/eller drikke og der tilhøva ligg til rette for fortæring på staden (§ 2). Det er kommunen som gir serveringsløyve.

Servitrise serverer vin til eit par. Foto.

Etablerarprøve

For å få løyve må dagleg leiar i verksemda vere myndig og ha gjennomført ei etablerarprøve. Sjå lov om serveringsvirksomhet § 5, lovdata.no § 5.

Etablerarprøva omfattar blant anna at ein må ha kunnskap om lover og forskrifter som gjeld serveringsstader, kjennskap til rutinar for innrapportering av skatt, meirverdiavgift og så vidare.

«Uklanderleg vandel»

For å få serveringsløyve må du ha vist det som blir kalla «uklanderleg vandel», du må ha ein vandelsattest. Dette gjeld dagleg leiar, den som har løyvet og andre personar som har vesentleg innverknad i verksemda. Kva som er uklanderleg vandel i denne samanhengen, kjem fram av serveringslovens § 6, krav til vandel, lovdata.no. § 6.

Kommunen undersøkjer om du tilfredsstiller krava, og kommunen kan også få informasjon frå skattestyresmaktene, Mattilsynet, Likestillings- og diskrimineringsombodet og liknande.

Ein person som har gjort eit lovbrot som er «uforeinleg med drift av serveringsstad», oppfyller altså ikkje kravet til uklanderleg vandel. Det kan vere brot på straffelova, skatte- og avgiftslova, rekneskapslova, lov om forbud mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion med meir.

Dersom krava til uklanderleg vandel ikkje lenger blir følgde, kan kommunen trekkje tilbake løyvet. Kommunen kan også stengje verksemda for kortare eller lengre tid, til dømes for å hindre eller stanse lovbrot.

Opningstider

Det er kommunen som bestemmer opningstidene, og serveringsstaden må følgje dei opningstidene som kommunen har bestemt. Mange kommunar har vedteke eigne forskrifter om opningstider. Dagleg leiar har ansvaret for at opningstidene blir følgde.

Du kan lese meir om serveringslova og alkohollova her:

Regelhjelp.no

Serveringsloven § 18 - Suspensjon av bevilling

Serveringsloven § 19 - Tilbakekall av serveringsbevilling

Lovens formål :

er å sikre forsvarlig drift av serveringssteder av hensyn til næringen, gjestene og samfunnet for øvrig. Loven skal bidra til å gi serveringssteder stabile og forutsigbare rammevilkår og til å hindre illojal konkurranse.

Hugselappen:

  • Løyve – godkjenning frå offentleg styresmakt til å drive ei viss verksemd; bevilling
  • Vandel – framferd; livsførsel

Læringsressursar

Lover og reglar