Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Vinregionar i AustraliaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vinregionar i Australia

Det var i New South Wales australsk vinproduksjon begynte, men i dag står South Australia for over 60 prosent av produksjon av australsk vin. Victoria ligger nord for Melbourne og har den nest største produksjonen.

New South Wales

kart over vindistriktene i Australia
Kart over vinområda i Australia.

Den mest kjende regionen i New South Wales er Hunter Valley. Der blir det laga ei rekkje gode sterkvinar, men òg bra svakvin. Best kjent er Rosemount Estate med gode både raud- og kvitvinar. Firmaet sel òg vin frå andre delar av Australia.

Victoria

Victoria ligg nord for Melbourne og har den nest største produksjonen. Tidleg var regionen ein storprodusent, men han har ikkje komme seg etter eit Phylloxera-angrep for cirka 100 år sidan. Eit av dei mest kjende distrikta er Goulburn Valley med den flotte vineigedommen Chat. Thabilk. Firmaet produserer bra raudvinar til middels pris og har utanom Shiraz og Cabernet Sauvignon, Marsanne som sin spesialitet. Brown Brothers frå Milawa er representert i Noreg med bra raudvin og kvitvin. Seppelt finst òg i Noreg med bra vinar. Dei er åtte av Southcorp som mellom anna eig Penfolds i Barossa Valley.

Sør-Australia

South Australia er den største regionen og står for over 60 prosent av vinproduksjonen i Australia. Byen Adelaide er delstatshovudstad og er òg rekna for å vere vinhovudstaden i landet. Vindistrikta ligg rundt byen. Barossa Valley er det største og mest kjende vindistriktet i Australia. Distriktet har ikkje vore utsett for Phylloxera, så her finst upoda vinstokkar. Raudvinane er av høg kvalitet, og det blir laga friske, fyldige og gjerne eikeprega kvitvinar, i tillegg til ein stor del sterkvin.

Mange av dei store vinfirmaa har hovudproduksjonen sin her. Eit av dei største og eldste er S. Smith & Son eller Yalumba som det òg heiter. Dei har alle typar vin i sortimentet sitt. Yalumba er aborigin og betyr «all jord rundt omkring». Dei har opp gjennom åra òg kjøpt opp mykje land og blitt store. Det har òg ein del andre gjort, slik at australsk vinproduksjon i dag for ein del består av nokre få kjempefirma som har fleire underfirma og kjende merkevinar.

Andre i Barossa og South Australia er Orlando med Jacobs Creek, Gramps, Flaxman med fleire, Penfolds med underfirma som Lindeman og Seaview og kjende vinar som Bin og Koonunga Hill. RBL Hardy er òg eit kjempefirma med mellom anna Private Bin og Nottage Hill i Noreg.

Druer

I Australia nyttar ein dei fleste kjende europeiske druene, men Shiraz (Syrah) har utvikla seg bra der. Cabernet Sauvignon og Grenache er òg mykje brukte. Cabernet blir gjerne blanda med ei av dei to andre. Shiraz gir fruktige, fine vinar, og Cabernet gir vinar med god fylde og tannin.

For kvitvin gir Riesling vinar med bra friskleik, Semillion er frisk, nøtteaktig (minner om tannin), Chardonnay gir god syre, sitrus, er litt «feit».

Til mat

Stor sett kan det som for California seiast at vinane er fyldigare og meir smaksrike enn tilsvarande vinar frå Europa. Når det gjeld mat, har Australia ein del spesialitetar som kenguru, krokodille og emu, forutan ein del grønsaker og sjømat. Dei bruker ein god del frukt, olivenolje, soya, karri og koriander. Kjøkkenet har vore prega av det engelske, så det er vanleg med ein del chutney-sausar av forskjellige frukter. Dessutan bruker ein òg ei blanding av hakka nøtter og krydder til brød, saman med olivenolje eller soya.

  • Appelsinsalat med avokado og løk. Friskleiken og syra i retten går greitt til ein australsk Riesling.
  • Steikt laksefilet, potetpuré med olivenolje, saus av sitron, olivenolje, koriander og krem. Her blir det òg syre, men feitt i tillegg. Ein australsk Chardonnay skulle takle begge delar.
  • Marinert kylling med valnøtter, paprika, ingefær, soya og sherry. Det vil nok gå bra med ein lett raudvin (Shiraz), men ein australsk Chardonnay vil òg passe til dette.
  • Lam med ripsvinaigrette steikt i nøtteolje, med grønsaksalat. Dette vil vere prega av syre og nøttesmak. Ein eika Shiraz/Cabernet kan gi den fylden og fruktigheita som trengst.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff