Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Tysklands vinlovChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tysklands vinlov

Ve ser nærare på tyske vindistrikt og dei ulike tyske kvalitetane.

Bilde av et lite vinområde et såkalt Einzellage.
Einzellage, den minste einga i oppdelinga av Tysklands vindistrikt. Må minimum vere på 5 hektar, men regelen kan omgåast. Dei dyraste tyske vinane er alltid Einzellage-kvalitetar.

Dei regionane som blir rekna som rhinskvin, er frå nord Mittelrhein, Rheingau, Rheinhessen, Rheinpfalz og dessutan Nahe som ligg på eit høgdedrag mellom Rhin og Mosel ved elva med same namnet. Rhinskvin blir gjerne rekna som litt fyldigare enn moselvin. I Rhin-områda har vinen gjerne blitt tappa på brune høge flasker. Bortsett frå Mittelrhein har dei fire andre høve til å selje vinar under nemninga Liebfraumilch. Mange trur at dette namnet er ein garanti for kvalitet, men det er ikkje tilfelle. Alt som blir kravd av ein Liebfraumilch, er at det skal vere ein rhinskvin med QbA-kvalitet som skal vere halvtørr og behageleg (lieblich) å drikke. Sjå elles Hessen.

Vinloven

Vinetikett som viser leverandørnavn, vinområde, druetype, alkoholstyrke, land, område, klasse og volum. Illustrasjon.
Tysk vinetikett.

Vinloven er under redigering, men inntil vidare gjeld følgande:

Deutcher Tafelwein

Tysk bordvin. Sukker er tilsett. Det finst fire regionar eller Weinbaugebiete.

Deutscher Landwein

Vinen kjem frå eit bestemt geografisk landområde og svarer til franske vin de pays. Vinen er gjerne noko tørrare enn Tafelwein og er tilsett sukker. Det er 15 slike område.

Qualitätswein bestimmter Anbaugebiete (QbA)

Dette vil seie kvalitetsvin frå eit bestemt dyrkingsområde. Vinen må ha vore gjennom ein kvalitetskontroll. Denne vinen kan vere tilsett sukker. Det finst 15 slike Anbaugebiete. Desse kan så delast inn i mindre område: Bereiche som er sette saman av fleire Grosslage, som igjen kan ha fleire Einzellage.

Qualitätswein garantierten Ursprungs (QgU)

Denne klassen var ny i 1994, og det blir garantert at 100 prosent av druene kjem frå det området som er oppgitt på etiketten. Same regionar som QbA.

Ulike hvitviner fra Tyskland. Foto.
Ulike hvitviner fra Tyskland.

Qualitätswein mit Prädikat

For vinar i denne klassen er det ikkje lov å tilsette sukker. Dei må altså ha oppnådd sukkerinnhaldet sitt på naturleg måte, ved modning. Prädikat set vi om til tilleggsnemning. Det finst seks ulike nemningar. Desse er:

  • Kabinett: Dette er den lågaste av tilleggsnemningane, men ligg noko over QbA i kvalitet. Druene må vere så modne at dei inneheld nok sukker, altså normalt modne druer. Vinane kan vere frå tørre til litt søtlege.
  • Spätlese: Dette betyr «seint innhausta druer». Druene har blitt meir modne enn kabinett. Vinane kan ofte vere søtlege, men vi finn òg halvtørre og nokre tørre vinar. Dette er gjerne vinar med god balanse.
  • Auslese: Dette vil seie «utvalde druer». Druene er no begynt å bli overmodne, men dårlege druer blir plukka vekk. Vinane er søte og har bra med smak og fylde.
  • Beerenauslese: Blir sett om til «spesielt utvalde bær (druer)». Druene er angripne av edelròte (Botrytis cinerea) som vil seie at vatnet er begynt å fordampe. Druer som er angripne av edelròte, blir plukka for seg. Vinane er alltid søte med rik smak og fylde.
  • Trockenbeerenauslese: Blir sett om til «tørre, utvalde bær». Druene er no skikkeleg påverka av edelròte og er skrumpa inn så dei liknar rosiner. Dei er skrumpa inn fordi mesteparten av vatnet er fordampa. Slike druer blir plukka enkeltvis. Sukkerinnhaldet er dobbelt så stort som i vanlege druer. Det vil seie at når gjæringa tek slutt, er det enno mykje sukker att, og det blir ein svært søt vin med mykje fylde og smak. Vinane er både sjeldne og dyre.
  • Eiswein: Blir sett om til «isvin». Han blir laga av druer som heng så lenge på vinstokken at det tek til å bli nattefrost. Innhaustinga går føre seg om morgonen når temperaturen er −6 ºC eller lågare. Druene blir pressa mens vatnet er frose til is, og det blir ein most med høg sukkerkonsentrasjon akkurat som med edelròtevinane. Slike vinar blir ikkje laga kvart år, for både rett temperatur og vekstforhold må vere til stades. Desse vinane blir òg sjeldne og dyre.
  • Prädikat: Dei fem første predikata blir rekna som kvalitetsklassar, mens Eiswein berre er ei nemning eller ein raritet som tyskarane seier. Ein kan altså få Beerenauslese Eiswein eller Auslese Eiswein.
Mann går mellom vinranker med plukkesekk på rggen, frostdekket mark i bakgrunnen.foto.
Plukking av druer til isvin på natten

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff