Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Lazio, Puglia og SiciliaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lazio, Puglia og Sicilia

Vi stiftar kjennskap med vindistrikta i regionane Lazio, Puglia og Sicilia i sør-Italia.

Lazio

Kart over Sør-Italia. Foto.
Kart over Sør-Italia.

Regionen Lazio ligg omkring Roma og er mest kjend for dei friske kvitvinane Frascati og Est! Est!! Est!!! som begge kjem frå druene Trepiano og Malvasia. Frascati er Roma sin vin, og der kan vi få han med forskjellig søtleik, medan Vinmonopolet fører den tørre typen. Frascati har nok noko meir fastheit enn Est! Est!! Est!!! er òg tørr og kjem frå Montefiascone nord for Roma. Han har ei spesiell historie:

EST! EST!! EST!!!

Den tyske biskopen Johann Fugger var på veg til Vatikanet (Roma) for å møte paven. Han sende tenaren sin i førevegen for å prøve mat og vin på dei stadene dei kunne tenkje seg å overnatte. Om tenaren meinte vinen var bra, skulle han setje EST på døra (vinum est bonum = vinen er god). Då biskopen kom til Montefiascone, stod det EST! EST!! EST!!! på døra, altså ein svært god vin. Det blir sagt at biskopen aldri kom til Vatikanet, men døydde av for mykje vin.

Til mat

Est! Est!! Est!!! går til skaldyr og ikkje for kraftige fiskeretter. Frascati passar til fisk, skaldyr med meir smak, til kaldtbord og som terrassevin.

Puglia

Regionen Puglia er den sørlegaste i landet og omfattar «hælen» til Italia. Det er den regionen som har størst vinproduksjon, hovudsakleg av bordvin. Dei produserer mange typar vin og bruker mange forskjellige druer. Primitivo, som er opphavet til den californiske stordrua Zinfandel, kjem herfrå. Det gjer òg ei rekkje rimeleg bra raudvinar til akseptabel pris. Mellom desse finn vi Castel del Monte, som har vore ein gjengangar på polet i mange år, og storseljaren no til dags, Capella.

Til mat

Castel del Monte: lam, fjørfe, gryteretter, ost
Capella: pizza, pasta, grillmat

Sicilia

Sicilia er den største øya i Middelhavet, og her blir det produsert ei rekkje forskjellige akseptable vinar. Særleg ein del kvite er bra. Vi skal likevel berre nemne sterkvinen Marsala frå byen og området med same namn. Denne vinen kan nærmast samanliknast med sherry.

Kart over Sicilia. Foto.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff