Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Emilia-Romagna, Toscana og Marche

Vi stiftar kjennskap med regionane Emilia-Romagna, Toscana og Marche i sentral-Italia.

bilde av et løp med store tunge vintønner Montepulciano
"Bravio delle Botti" vinløp i Montepulciano.

Emilia-Romagna

Kart over vinområdene i sentral-Italia..foto.
Kart over vinområda i sentral-Italia.

Regionen Emilia-Romagna ligg lenger mot sør på den flate Po-sletta. Her blir det laga mange forskjellige både raude og kvite vinar, men den vinen som kanskje har gjort Romagna-distriktet kjent, er Lambrusco. Det er ein halvtørr, musserande raudvin. Han blir eksportert i store mengder til USA, medan enkelte vinekspertar har omtalt han som «non-wine».

Til mat

Lambrusco er vel stort sett ein «kosevin», men kan i nokre samanhengar brukast til kald buffet.

Toscana

Kollasj: Toscana

Regionen Toscana strekkjer seg frå den gamle kulturbyen Firenze og halvvegs sørover mot Roma. Her finn vi òg byen Pisa med det skeive tårnet. Vi kan dele regionen i tre distrikt. Det største er Chianti, som ligg mellom Firenze og Siena, og dei andre ligg omkring dei to mindre byane Montalcino og Montepulciano.

Chianti

Chiantivin er det mange som hugsar på grunn av dei bastkledde literflaskene som blei kalla fiashci. Desse finst knapt lenger fordi dei blei for dyre å lage. For å få ein frisk vin er det vanleg å bruke ein liten prosent kvite druer i denne raudvinen. Vinen er vanlegvis middels fyldig, blaut og frisk. Reserva har 2–3 års lengre lagring enn classico. 90 prosent av druene må vere Sangiovese.

Montalcino

I Montalcino blir det brukt ein Sangiovese-type som blir kalla Brunello. Han blir godt moden før han blir hausta, og blir gjæra over lang tid. Nokre produsentar har òg med stilkane i maserasjonen. Deretter blir han lagra i 4 år på fat. Det gir ein fyldig og kraftig vin som nokre samanliknar med spanske Vega Sicilia. Det trengst gjerne ei modning på minst 10 år. Saman med Vino Nobile de Montepulciano skapte desse tre sensasjon i vinverda då dei blei oppdaga utover på 1970-talet. Dei hadde vore omtrent ukjende inntil då.

bilde av Vinmarker rundt Montepulciano

Vino Nobile

Montepulciano er namnet på byen som Vino Nobile kjem frå. Hovuddrua er Prugnolo, som òg er ein variant av Sangiovese. Vinen kan nærmast beskrivast som ein mellomting mellom Brunello og Chianti. Han blir lagra i 2–3 år på eikefat. Merk at Montepulciano d`Abruzzo ikkje kjem frå Toscana, men lenger søraustfrå.

Til mat

  • Chianti passar til lette kjøttretter, pizza og pasta.
  • Brunello di Montalcino passar til vilt eller kraftige retter av storfe.
  • Vino Nobile de Montepulciano passar til storfe, lam med urter og småvilt.
  • Montepuciano d’Abruzzo passar til lette kjøttretter, grillmat og pizza. Med meir tannin passar han òg til lam og småvilt.
Kollasj: mat fra Toscana

Marche

I Marche blir den førsteklasses kvitvinen Verdicciho laga frå drua med same namnet. Vinen er frisk og tørr med ein fruktig bouquet. Det kjenner ein lett på dei spesielle «amfora»-flaskene, som er tjukkast på midten og smalnar av oppover og nedover.

Til mat

Verdicciho: fisk, skaldyr og forretter av grønsaker

Kollasj: Marche

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tyskland

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff