Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. Sud-Ouest (sørvest), Midi (Languedoc-Roussillion), Provence og KorsikaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sud-Ouest (sørvest), Midi (Languedoc-Roussillion), Provence og Korsika

I vindistrikta i Sud-Ouest har vinbøndene tradisjonelt orientert seg mot Bordeaux, og alle dei klassiske bordeauxdruene blir dyrka her.

Sud-Ouest (sørvest)

Vinkart over Frankrike. Foto.
Vinkart over Frankrike.

Ved foten av Pyreneane i det sørvestre hjørnet av Frankrike ligg fleire spreidde vindistrikt som går under samlenemninga Sud-Ouest. Her har vinbøndene tradisjonelt orientert seg mot Bordeaux, og alle dei klassiske bordeauxdruene blir dyrka her. Dei mest kjende appellasjonane er Bergerac, Chaors, Côte de Duras og Madrian. Vin frå Côte du Marmandais er godt kjend hos oss. Desse vinane minner mykje om Bordeaux-vin, men er noko mjukare og lettare.

Midi (Languedoc-Roussillon)

Området Midi, som strekkjer seg frå grensa mot Spania, langs Middelhavskysten til Montpellier, produserer meir enn ein tredjedel av all fransk vin. Området blir òg kalla «den største vingarden i verda». Dette er territoriet til bordvin og landvin (vin de table og vin de pays). Cirka ein tredjedel av vinproduksjonen går til destillasjon.

Provence

Området Provence strekkjer seg frå utløpet av elva Rhône til grensa mot Italia og er mest kjent for rosévinen Rosé de Provence. Han er frisk med tydeleg fruktsmak og har nesten ein oransje glød. Sjølv om rosévinen dominerer, blir det etter kvart produsert ein del raudvin her.

Korsika

På denne øya, der Napoleon blei fødd, blir det for det meste produsert raudvin med retten til nemninga vin de pays med fellesnamnet «L’Île de Beauté» (skjønnheitsøya). Sjølv om klassifiseringa er låg, har mange av vinane godt ord på seg.

Vinmark på Korsika. Foto.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff