Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. BrennevinChevronRight
  5. Naturlig brennevin - marc, grappa, rom og tequilaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Naturlig brennevin - marc, grappa, rom og tequila

Dei mest kjende naturlege brennevinstypane er konjakk (brandy, armagnac) som blir laga av vin, whisky (whiskey) der råstoffet nærmast er øl, rom som blir laga frå melasse, restar frå sukkerproduksjon, tequila frå kaktussaft, calvados frå eplevin og kirsch frå kirsebær.

bilde av sangrita og en shot med tequila

Marc og grappa

Etter at vinen er pressa frå skalet og steinane, tilset ein vatn, og det begynner å gjære igjen. Denne alkoholhaldige væska blir så destillert, og det gir eit produkt som i Frankrike blir kalla marc og i Italia grappa. Desse har ein endå kraftigare, skarpare smak. Før var det dette brennevinet vinbonden sjølv drakk, men no har det fått høgare status og er blitt motedrikk enkelte stader.

Rom

Råstoffet til rom er melasse, avfallsstoff etter raffinering av sukker. Dette blir blanda med vatn og «sour mask», restar frå førre gjæringa (altså det same som ein gjer med surdeig). Når dette blir destillert i ein pot still, får ein den originale brune jamaicarommen. No blir det i større grad brukt kolonneapparat, som gir eit blankt, nøytralt produkt som Bacardi. Dessutan finst det ein del blandingar mellom desse to typane. Rom kjem opphavleg frå landa i Vestindia – Jamaica, Puerto Rico, Cuba, Trinidad og Martinique – men blir no laga i ein del andre land òg.

Tequila

Tequila kjem frå Mexico og blir laga av safta frå agavekaktus. Etter gjæring i 3–5 dagar blir væska destillert to gonger i ein pot still. Det finst to typar: ein klar og ulagra og ein golden som er lagra på eikefat i 2–4 år. Meksikanarane drikk han bar med salt og sitronsaft til.

Læringsressursar

Brennevin

SubjectEmne

Fagstoff