1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. SkaldyrChevronRight
  5. Skaldyr i norske farvatnChevronRight
  6. HjarteskjelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hjarteskjel

Hjarteskjel er ein familie av muslingar. Dei har sterkt utbogna, hjarteforma, kraftige skal med tydelege, ofte piggete ribber som går radiært ut frå umbo. Det er dette som gir namn til hjarteskjela.

Hjerteskjell. Foto.

Hjarteskjelet vert født som larve, og då bruker hjarteskjel-larven éin fot til å symje rundt med. Seinare, når han har fått skal, grev larven seg ned og lever nedgraven i sand og mudder frå strandsona og ned til store djupner.

Hjarteskjelfamilien omfattar om lag 
100 artar i alle verdshava. Ved norskekysten finn vi sju artar, og dei tre vanlegaste her er vanleg hjarteskjel, glatt hjarteskjel og piggete hjarteskjel. Mange er godt eigna som menneskeføde, mellom anna vanleg hjarteskjel, som kan etast både rå og kokt. Det vert hausta ein del hjarteskjel i strandsona. Desse skjela ligg nedgravne like under sandoverflata. Dei kan haustast med spade eller rive ved låg sjø. Hjarteskjela må stå i reint vatn eit døgn eller to for å kvitte seg med sand før vi kan lage dei til.

Bruk

Hjarteskjela bruker vi vanlegvis dampa, og gjerne i kombinasjon med annan sjømat – i supper, pastaretter med krema sausar osv. Hjarteskjela har god søtleik og ein fast tekstur. Det er viktig å gi dei ei rask varmebehandling, slik at dei ikkje vert seige.

Hjerteskjell med spekeskinke og hvitvinsglass på trekasse i vannkanten. Foto.
Hjarteskjel er velsmakande og kan brukast på same måten som andre marine muslingar.

Næringsinnhald

Hjarteskjel er ei god kjelde til protein, karbohydrat og jern.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Hugselappen

Sesong

Skjela har best kvalitet på vinteren. Frå april til september er det lite matfylde på grunn av gyting.

Utbreiing

Hjarteskjel finst langs heile norskekysten.

Med andre ord

Latin: Cardiidae (familie)

Engelsk: Cockle

Fransk: Cardiidae

Tysk: Herzmuscheln

Læringsressursar

Skaldyr i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff