Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Omsorg ChevronRight
  4. OmsorgssviktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barnevern

Staten ved Barne- og familiedepartementet har eit generelt overordna ansvar for barnevernet. Det er kommunane og Barnevernet til staten og familievern som forvaltar barnevernet i Noreg.

Jente balanserer på en lysstripe. Foto.

Melding til barneverntenesta

Opplysningsplikta til barnevernet går framfor lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta til barnehagen blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylte. Plikta som barnehagen har til å gi opplysningar til barneverntenesta, er dermed avgrensa til dei meir alvorlege tilfella.

Det at eit barn ikkje lever under optimale forhold, eller at barnet og familien ville hatt nytte av eit hjelpetiltak frå barneverntenesta, er ikkje nok til å utløyse opplysningsplikta. I dei tilfella der barneverntenesta pålegg barnehagen å gi opplysningar, er det barneverntenesta som skal vurdere og definere om opplysningsplikta er oppfylt, og kva for opplysningar som er relevante for saka.

Dersom barnehagen er i tvil om uroa for barnet er så alvorleg at ho skal meldast til barneverntenesta, kan det vere nyttig å diskutere saka med andre fagpersonar, og òg diskutere problemstillingar med og få konkrete råd frå barneverntenesta.

Opplysningsplikta er eit sjølvstendig og individuelt ansvar som påligg alle barnehagetilsette. Det er likevel normalt styraren i barnehagen som gir opplysningane til barneverntenesta. Både barneverntenesta og barnehagen kan formidle opplysningar til kvarandre etter samtykke frå foreldra.

Ei melding til barnevernet, jf. barnevernloven § 4-2, er ein skriftleg eller munnleg førespurnad til barneverntenesta om eit identifiserbart barn der det er rimeleg å tru at det ligg føre forhold som kan gi grunnlag for tiltak etter barnevernloven.

NOU 2000:12. (2000). Barnevernet i Noreg.

Når skal barnevernet gripe inn?

Skal ein offentleg instans gripe inn, må han ha ein lovheimel. Barnevernloven og forvaltningsloven inneheld dei viktigaste føresegnene om det å gripe inn. Alle slike føresegner er forbundne med utstrekt bruk av skjønn.

Alle avgjerder som vert teke av barnevernet, er heimla i lov om barnevernstenester, òg kalla barnevernloven.

Barnevernet har plikt til å gripe inn:

  • når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for hjelpetiltak
  • når det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar ved den personlege kontakten og tryggleiken som barn i den alderen treng
  • når foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt, funksjonshemma eller særleg hjelpetrengande barn får dekt særlege behov for behandling og opplæring
  • når barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
  • når alvorleg vanskjøtsel finn stad
  • når helsa eller utviklinga til barnet etter alt sannsyn kan ta skade fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar for barnet
  • når barnet har alvorlege åtferdsvanskar som for eksempel viser seg ved vedvarande eller gjenteken kriminalitet, ved vedvarande misbruk av rusmiddel eller på andre måtar

Dersom barnevernet blir kjent med slike forhold, har det plikt til å gjere nærmare undersøkingar straks. Når den kommunale barnevernstenesta har kome til at eit barn har behov for ei plassering utanfor heimen, skal Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) bistå med å finna det tiltaket barnevernstenesta meiner er riktig. Det kan vera institusjon eller fosterheim.

Det er mogleg å plassere eit barn utanfor heimen utan at fylkesnemda vedtek å overta omsorga for barnet. Plasseringa blir då eit hjelpetiltak som foreldra er einige i. Berre vedtak etter barnevernloven § 4-12 i fylkesnemda er lik omsorgsovertaking.

Kven melder frå til barnevernet?

Det er foreldre eller føresette som oftast melder til barnevernet. Skule, politi og barnevernet sjølv er òg vanlege meldarar. Barnehagar, helsestasjonar, legar og sjukehus har eit godt utgangspunkt for å melde frå til barnevernet. Det same gjeld asylmottak, krisesenter, utekontaktar, fritidsklubbar, frivillige organisasjonar, for eksempel idrettslag, og andre instansar som har med barn å gjere.

Å drive barnevernsarbeid føreset at befolkninga har tillit til tenesta. Barneverntenesta skal vere til for å hjelpe den enkelte, og dei er avhengige av tillit for å kunne få til eit samarbeid med dei ulike familiane.

Stadig fleire barn med omsorgstiltak

Ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) fikk 53 440 barn og unge tiltak fra barnevernet i løpet av 2015.

Det blir sett i verk ulike former for tiltak alt etter behov og innhald i meldingane. Nokre eksempel er
  • økonomisk hjelp
  • besøkshjeim
  • barnehage eller støttekontakt
  • fosterheim
  • foreldre–barn-veiledning (PMTO, MST, Webster Stratton, ART og lignende)
  • samtalar ved BUP (barne- og ungdomspsykiatrien)
  • institusjonsplassering

Utfordringar til deg

  1. Kva er ei melding til barnevernet?
  2. Når skal barnevernet gripe inn?
  3. Bruk sidene til Statistisk sentralbyrå og finn tal som har å gjere med omsorgsovertakingar og meldingar til barnevernet. Kva fortel tala deg?
  4. Kva for tiltak kan barnevernet setje inn?
  5. Forklar når opplysningsplikta går framfor teieplikta.
  6. Kva gjer du dersom du er i tvil om barnevernet bør kontaktast?
  7. Kven skal samtykkje i at barnevernet blir kontakta dersom det er snakk om ei mindre uro?
  8. Søk på nettet og finn fagstoff om barnevern. Kva kan du lære av dette?
  9. Inviter det lokale barnevernet til skulen. Be om ei orientering om arbeidet til barnevernet. Still gode spørsmål, og skriv referat.
  10. Kva er vanleg saksgang dersom du er uroleg for eit barn på skulen eller i barnehagen?

Læringsressursar

Omsorgssvikt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter