Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkesfaglege situasjonsbeskrivingarChevronRight
  4. Ungdomsskulen som arbeidsplass ChevronRight
  5. Skapet til Muhammed er brote oppChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skapet til Muhammed er brote opp

Ein dag kjem Muhammed bort til Thea og fortel at skapet hans er brote opp, og at gymbagen hans er stolen. Muhammed er ein stille og forsiktig gut med nokre få gode venner i klassen. No ser Thea at han har tårer i auga.

Ansikt som gråter. Illustrasjon

Thea tek han med inn på klasserommet, og etter kvart får ho høyre at han har opplevd fleire liknande hendingar. Bøker har blitt borte eller øydelagde, nokon har teikna på jakka hans, og han har fått lappar med stygge meldingar på.

Dette har gått føre seg i over eitt år utan at han har fortalt det til nokon.

  • Diskuter kva Thea skal gjere i denne situasjonen.
  • Kven bør Thea orientere?
  • Er dette rasisme? Grunngi svaret ditt.
  • Finn ut om skulen din har ein handlingsplan mot rasisme. Dersom skulen har ein slik plan, kan du lese gjennom han og vurdere om du synest han hadde vore til hjelp i denne situasjonen.
  • Korleis kan skulen bruke kulturforskjellar som ein ressurs?

Læringsressursar

Ungdomsskulen som arbeidsplass