Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Rebekka et ikkje

Rebekka går i tiande klasse og vil aldri smake på maten som dei lagar på skulekjøkkenet, men ho deltek aktivt i å lage maten. Elias kan ikkje hugse at han nokon gong har sett henne ete matpakke eller annan mat på skulen heller.

Denne oppgåva er delt inn i tre uavhengige delar som viser tre ulike vinklar på same sak. Vurder om utfallet blir det same. Diskuter resultatet i klassen din.

Del 1

  • Tenk deg at du er Elias. Kva bør Elias gjere?

Del 2

Ei av jentene ber om å få prate med Elias. Ho trur at Rebekka har eteforstyrringar, og er bekymra. Ho vil ikkje at Elias skal fortelje nokon at ho har fortalt dette.

  • Lag eit rollespel der de gjennomfører denne samtalen.
  • Kva bør Elias gjere?

Del 3

Rebekka ber om å få prate med Elias. Ho fortel at ho har det vanskeleg heime, og at ho derfor ikkje har noka matlyst. Ho græt og fortel at ho er lei seg.

  • Lag eit rollespel der de gjennomfører denne samtalen.
  • Kva bør Elias gjere?

Tips

Ved alle oppgåvene er det viktig å hugse på

  • teieplikta
  • profesjonaliteten din
  • kven som har ansvaret for kva
  • samarbeid

Læringsressursar

Ungdomsskulen som arbeidsplass