Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. KonfliktarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Konfliktar

Som fagarbeidar og arbeidstakar vil du kunne kome i konfliktsituasjonar. Du bør difor kunne noko om – og trene på – å løyse ulike typar konfliktar.

Gutt får trøst. Foto.

Som elev på Vg1 helse- og oppvekstfag lærte du om ulike sider ved konfliktar. Sjå om du treng å repetere noko av dette fagstoffet før du går vidare.

Konflikt

Ein konflikt er kollisjon mellom interesser, verdiar, handlingar eller retningar. (Edward de Bono)

I det store leksikonet til Aschehoug og Gyldendal er ordet konflikt definert som krig, strid, samanstøyt eller ein tilstand der to eller fleire motstridande ønske er til stades hos eit menneske (Lystad, Anne 1995, s. 11). (Kilde: Wikipedia november 2010)

I år skal du lære meir om konfliktar mellom barn og unge, og om korleis du kan hjelpe barn og unge med å løyse dei konfliktane dei måtte kome opp i.

Tenk over

  1. Lag deg eit tankekart over det du hugsar om konfliktar og konfliktløysing frå Vg1 helse- og oppvekstfag.
  2. Sjå gjennom det fagstoffet som ligg på Vg1 helse- og oppvekstfag og sjå om det er noko du bør repetere før du går i gang med fagstoffet på Vg2.
  3. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære om konfliktar?
  4. Bruk bileta på sida til å skrive ein fagtekst om konfliktar.

Læringsressursar

Konfliktar