Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Viktig å høre til ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Viktig å høre til

Når barn er saman, oppdagar dei også at alle i gruppa har karaktertrekk som gjer dei ulike. Dermed blir dei i neste omgang merksame på kven dei sjølve er. Tenkjeevna og evna til å resonnere utviklar seg fortare, og barna skjønar lettare kvifor vi har sosiale reglar når dei kan utforske dei i lag.

Barn som synger.Foto.

Ved å ta del i grupper får barn trening i å leve og arbeide saman. Slik tileignar dei seg den sosiale kompetansen som er nødvendig for å ta del i samfunnslivet seinare. Dei lærer å forstå tankane og kjenslene til andre menneske og å akseptere korreksjonar. Samtidig lærer dei seg å fremje sine eigne ønske og behov, men også at dei ikkje er åleine, og at dei ikkje alltid kan få viljen sin.

Å oppføre seg på ein slik måte at ein blir likt og akseptert av dei andre barna, er dessutan viktig for sjølvbiletet. Vi får ei stadfesting på at vi er verdt noko. Denne opplevinga tek vi med oss vidare. Ho gir tryggleik og sjølvtillit, og vi taklar motgang betre seinare i livet.

Men det kan vere ein skummel prosess. Ikkje alle barn får vere med på leiken. Ofte blir nokon ståande utanfor. Å ikkje ha venner, eller å bli avvist av andre barn i barnehagen, i skolen eller i fritidsklubben, kan setje varige spor. Ein kan lett få ei negativ innstilling til omgivnadene og miste trua på seg sjølv.

Kva gjer barn for å høre til eit fellesskap?

Barn flest trivst i lag med andre barn. Dei er gjensidig opptekne av kvarandre og vil gjerne leike saman. Eit blikk, eit smil eller eit nikk er vanlegvis nok, så er leiken i gang.

Når to eller fleire barn har funne kvarandre og er godt i gang med ein aktivitet, kan det vere vanskeleg for andre å få vere med

Barna som blir ståande utanfor, prøver på ulike måtar å bli med i leiken. Om dei ikkje lykkast i eit forsøk, prøver dei som regel igjen med ein ny strategi. Som oftast går dei varsamt fram.

Dveling les mer Komme med forslag les mer Parallelleik les mer Starte ny aktivitet les mer Forstyrre les mer

Barnet held seg nær dei som leikar, og følgjer dei med blikket utan å seie noko, til det blir invitert med. Men som regel blir barn berre ignorerte dersom dei berre observerer og ventar på initiativ frå dei andre.

Barnet kommenterer leiken eller kjem med forslag om noko som kan gjere leiken meir morosam, i håp om å bli inkludert. Det er ofte ein vellykka strategi.

Barnet held seg nær dei som leikar, og gjer det same som dei, eller gjer noko liknande, men utan å blande seg inn. Denne strategien fører ofte fram.

Barnet kjem med forslag om ein ny leik eller aktivitet som verkar meir morosam enn den dei andre held på med. Eit slikt initiativ har god sjanse for å lykkast.

Barnet prøver å hindre eller dirigere leiken, eller å erte dei som leikar. Ein slik strategi lykkast aldri. I staden kan den som forstyrrar, bli svært upopulær.

Dei som har forska på åtferda hos små barn, seier at barna mislykkast i dei fleste forsøk på å få innpass i ei leikegruppe som alt er etablert Dei gongene dei utanforståande når fram, kjem det av at dei har brukt forsiktige strategiar som parallelleik og etablering av ny leik. Slike tilnærmingsmåtar blir ikkje rekna som innblanding.

Når barna blir eldre, byter dei leiken ut med andre aktivitetar. Men strategiane for å påverke og bli innlemma i nye grupper er grovt sett dei same.

På mange måtar er ei gruppe med barn eit samfunn i miniatyr. Alle mekanismane som barna erfarer her, møter dei igjen i andre grupper i ungdommen og i vaksen alder.

bildet viser en gruppe barn i like klær

Vi identifiserer oss med dei andre i gjengen, følar lojalitet til fellesskapet og ønsker å vere som dei andre. Vi ønsker å kle oss på same måte, digge den same musikken og dyrke dei same interessene.

Gul andunge utenfor gruppe med svarte andunger. foto.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det så viktig for menneska å delta i ei gruppe?
  2. Kva lærer vi i grupper?
  3. Forklar kva «akseptere korreksjonar» vil seie.
  4. Kva kan det ha å seie for sjølvbiletet vårt at vi tilhøyrer ei gruppe?
  5. Kva for mekanismar kan barn bruke for å bli ein del av gruppa?
  6. Sjå filmen og arbeid med oppgåvene du finn under «Fellesskap gjør godt».
Oppgåver til filmen «Gruppeprosesser»
  1. Finn ut korleis du lagar pil og boge.
  2. Kva lærer barn av å delta i grupper?
  3. Finn ut korleis du lagar seljefløyte.
  4. Kva er fordelen med grupper som har vore mykje saman?
  5. Kva må den vaksne i gruppa følgje med på?
  6. Kva meiner ein med å «velje seg bort frå meistringsopplevingar»?
  7. Kva krev det av planlegging dersom du skal fare på overnattingstur med så små barn?
  8. Kva er prososial åtferd?
  9. Her høyrer du eit godt eksempel på empati. Kva for eit eksempel er det?
  10. Korleis får desse barna opplevingar som dei berre kan få i naturen?
  11. Kva har slike opplevingar å seie?
  12. Kva gjer gruppa god?
  13. Kva må du gjere dersom du ser at eit barn er utanfor gruppa?
  14. Kva er samspelerfaringar?
  15. Korleis kan vi gi barn samspelerfaringar?
  16. Kva kan du gjere for at det ikkje skal eksistere «verstingar» eller «vanskelege barn»?
  17. Kva er jobben til dei vaksne i gruppa?
  18. Diskuter filmen i klassen din. Kva er det viktigaste de bør lære av denne filmen?
Oppgåver til filmen «Omsorg»
  1. Kva trur du Eli Rygg meiner med at vi må kjenne igjen kjensler for å forstå korleis ein annan har det?
  2. Kva er medkjensle?
  3. Korleis kan vi snakke til barn som er sinte?
  4. Forklar korleis vi kan hjelpe eit barn som er lei seg eller sint.
  5. Kva betyr det å høyre saman?
  6. Kva gjer barn for å kjenne at dei høyrer saman med andre?
  7. Diskuter kva som blir meint med «late som-masker».
  8. Kva er god omsorg?
  9. Forklar kva som er meint med utsegna «vi veit så lite om korleis andre har det».
  10. Kva skal du gjere dersom du er uroleg for eit barn, og kva kan konsekvensen vere dersom du ikkje gjer noko?
  11. Kva trur du Eli Rygg meiner når ho seier at ho aldri har møtt ein versting?

Læringsressursar

Grupper og kommunikasjon