Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. Planlegging ChevronRight
  5. Ulike typar planarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike typar planar

Det finst ulike strukturar for planlegging og ulike typar planar. Her skal vi sjå på nokre av dei.

Planlegging. Foto.

Verksemdsplan

Ein verksemdsplan kan fungere som overordna styringsverktøy for verksemda og skal definere føremål, hovudmål og hovudaktivitetar. Ein verksemdsplan kan også skissere dei overordna ressursrammene. Verksemdsplanen er med på å gjere føremålet til verksemda tydeleg og synleg både internt og eksternt, og gir føringar for prioriteringar.

Årsplan

Ein årsplan skal definere det du eller bedrifta som du arbeider i, ønskjer å oppnå i løpet av året, og skisserer korleis du eller bedrifta planlegg å oppnå dette. Årsplanen skal gi ei oversikt over dei prioriterte hovudaktivitetane for året opp imot dei definerte overordna målsetjingane i verksemdsplanen. Årsplanen kan også definere rammene for gjennomføring, inkludert ressursar.

Periodeplan eller semesterplan

Ein periodeplan eller semesterplan er ein plan for ein periode av året, og aktivitetane blir definerte ut ifrå måla som er sette i årsplanen. Ein periodeplan eller semesterplan er meir konkret når det gjeld aktivitetar og tidsrammer enn verksemds- og årsplanane er. Dei planlagde aktivitetane i ein periodeplan kan fungere som delmål eller såkalla «milepålar», og kan brukast som verktøy for å måle framgang mot å nå dei overordna måla.
Eit utdrag frå ein semesterplan kan for eksempel sjå slik ut for ein barneskule:

Periodeplan eller semesterplan
Når Aktivitet Ansvarleg

Laurdag 7. januar: Juletrefest

– allsong, song og musikk ved skuleelevane

– skodespel: «Snikkar Andersen og julenissen» v/skuleelevar

– gang rundt juletreet

– juleleikar

– elevar

– foreldre

– lærarar


Veke 3

Ny fordeling av ansvarsområde for alle elevane

– klassestyrarar

Veke 4

Møte i styret for elevrådet

– styret

– elevrådsformann

Onsdag 25. januar Skulefrukost for alle elevane

– storskulen

– Ola

Tirsdag 2. februar Helsesyster kjem – helsesyster

Veke 6 og 7

Konferansetimar (eiga innkalling)

– klassestyrarar

Veke 9

Leirskule for 7. klasse

– 7. klasse

– klassestyrar

Veke 11 Skidag – lærarane

Veke 13, onsdag og torsdag

Elevbedrifta, mogleg deltaking på 2-dagars elevbedriftsmesse

– 6. og 7. klasse og klassestyrarar

Veke 14

Den kulturelle skulesekken: Forteljarprosjekt 1.–4. klasse

– klassestyrarar

– Kari

Vekeplan eller dagsplan

Ein vekeplan eller dagsplan konkretiserer måla og definerer aktivitetane for veka eller dagen. Ein dagsplan eller vekeplan blir bestemt ut frå kva vi skal oppnå i semesteret eller perioden, og ut frå kva som er realistiske mål med omsyn til tid og ressursar. Ein vekeplan eller dagsplan bør innehalde konkret informasjon om kva for aktivitetar som skal gjennomførast, kven som skal gjennomføre dei, når det skal gjennomførast, og kven som er ansvarlege. Ein vekeplan konkretiserer det som skal skje gjennom heile veka, medan ein dagsplan er ein meir detaljert plan for berre éin dag.

Aktivitetsplan

Ein aktivitetsplan skildrar aktiviteten meir konkret og detaljert: Korleis aktiviteten skal gjennomførast, kvifor han skal gjennomførast, kven som skal delta, kven som er ansvarleg, og når planen skal gjennomførast. Aktivitetsplanen fungerer som hjelpemiddel før, under og etter gjennomføringa av aktiviteten.
Ein mal for ein aktivitetsplan kan for eksempel sjå slik ut:

Planleggingsskjema

Planleggingsskjema

Dato:

Aktivitet:

Rammefaktorar:

Generelle mål: (etter læreplan eller rammeplan for barnehage)

Spesielle mål

  • haldningsmål:
  • ferdigheitsmål:
  • kunnskapsmål:
KVA KORLEIS KVEN

KVIFOR

Evaluering:

Utfordringar til deg

Oppgåver til «Ulike typar planar»
  1. Kva er ein verksemdsplan?
  2. Søk på Internett og prøv å finne verksemdsplanen til barneombodet og til ein barnehage. Kva kjenneteikner desse planane?
  3. Kva er ein årsplan?
  4. Søk på Internett og finn årsplanen til minst éin barnehage og éin skule.
  5. Finn fram årsplanen i eitt av faga du har på skulen.
    – Kva fortel årsplanen deg?
    – I kva for grad har du sjølv delteke i utforminga av årsplanen?
    – Kva fortel årsplanen om vurdering i faget?
  6. Kva er ein periodeplan?
  7. Lag ein periodeplan for klassen din. Du bestemmer sjølv kor lang tid planen skal strekkje seg over.
  8. Kva kjenneteiknar ein vekeplan?
  9. Finn vekeplanar frå barnehage, skule og SFO på Internett. Plukk ut ein du synest er bra, og forklar kvifor du synest nettopp denne er bra.
  10. Lag ein vekeplan for klassen din.
  11. Lag ein aktivitetsplan for ein fritt vald aktivitet.

Læringsressursar

Planlegging