Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. MusikkChevronRight
  5. Musikk i undervisninga ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Musikk i undervisninga

Musikk er viktig for barn og unge. Rytmer kan trøyste og inspirere, styrkje samkjensla, og gjere det lettare å lære.

András Hidas er omreisande musikkpedagog og ein populær gjest på barneskulane rundt om i Akershus. Han seier at det finst rytmer i både musikk og språk, og ønskjer at dei unge skal få erfare og utfalde seg gjennom dei. – Barn har så mykje skaparkraft i seg som kan få utløp via musikken, meiner han.

I Steinerskolen på Nesodden har dei gjort musikk til ein viktig del av undervisninga. Der gjer elevane til dømes bruk av song og rytmar til å øve på gongetabellen. Slik lærer dei ikkje berre med intellektet, men med kropp og kjensler òg. – Det er mykje meir morosamt å lære matematikk med song og musikk enn berre med pugging, fortel Viktor på 10 år. Rett som det er tek musikklæraren òg fatt i tema som elevane held på med i andre fag.

Dersom dei til dømes har om den franske revolusjonen i historietimane, gjev det nærleik til stoffet om elevane får lære nokre revolusjonssongar frå den tida.

Læringsressursar

Musikk