Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Lek og aktivitetChevronRight
  4. MusikkChevronRight
  5. Den musiske utviklinga til barnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den musiske utviklinga til barn

Som fagarbeider skal du gi barna moglegheit til å bli kjent med musikk og du skal sjå verdien i å bruke musikk som eit verkemiddel for å fremje god utvikling hos barna.

«Eit barn er fødd med hundre språk, men blir frårøva nittini», sa ein italiensk filosof som starta ein ny og annleis barnehagekultur i byen Reggio Emilia i Nord-Italia. Musikken er eitt av desse språka som ligg naturleg i det nyfødde barnet, men etter kvart er det talespråket som dominerer. Alle er vi fødde musiske og kan utvikle evna vår til å vere musiske menneske dersom det blir lagt til rette for det.

0 – 1 ½ år
Den musikalske utviklinga til barnet startar i fosterstadiet. Inne i magen til mor høyrer det lydar, song og musikk og kjenner pulsen og rytmen av kroppen til mora. Det kjenner godt til stemma til mora ved fødselen, noko som gir ein trygg og god overgang til verda utanfor mors mage.
Det nyfødde barnet elskar å bli snakka med. Det er viktig å syngje for barnet, herme lydane barnet lagar, og stimulere barnet slik at det opplever eit hav av lydar og melodiar.
Barnet utviklar etter kvart gripeevna og kan klare å halde på ein gjenstand. Barnet vil då heilt naturleg dunke gjenstanden i golvet og på bordet og skape sin eigen personlege puls. Dette blir kalla ei grunnslagskjensle.
Barnet elskar å bevege seg til musikk, men klarer enno ikkje å halde takten i musikken. Det er viktig at vi som vaksne klappar takt og rytme når vi spelar eller syng, slik at barna etter kvart kan avpasse sin eigen grunnrytme til musikken dei høyrer.

1 ½ – 3 år
Barnet begynner no å bli veldig oppteke av dei ulike stemmeleia vi har. Barnet oppfattar om du er interessert, begeistra, sint eller lei deg. Dei høyrer forskjell i toneleiet. Det er derfor viktig at ein som vaksen bruker ord som er i samsvar med det ein vil formidle stemmemessig.
Toåringen liker godt å bevege seg til musikk, men enno vil hopping, klapping og gynging gå føre seg i grunnpulsen til barnet, og ikkje i takt med musikken.
Barnet som er to år, vil begynne å nynne og lage sin eigen melodi og syngje på dei orda det har lært seg. Dei første tonane barna lagar, blir kalla ein urters. I musikkteoriverda har tonane ulike avstandar seg imellom. Urtersen er ein avstand, og han høyrest ut som når barna leikar brannbil (bæ-bu, bæ-bu), eller bruker ringjeklokka på døra.
Barnet har enno vanskar med å syngje heile songar, men det kan komme nokre korte motiv som barnet har høyrt ofte. «Bæ, bæ …» To- og treåringen lagar også sine eigne ord til kjende melodiar. Melodiane er ikkje heilt på plass enno, men dei er lette å kjenne igjen.
Songleikar passar godt i denne alderen. Barnet liker å lage eigen musikk framfor å høyre på.

3 – 4 år

Rim, regler og songleikar er ein stor del av den sosiale leiken for tre- og fireåringen. Barnet diktar og improviserer og lagar tekstar over kjende melodiar sjølv. Dette blir kalla spontan- song. Enkelte av barna klarer no å syngje enkelte tonar i ein melodi rett, og dei klarer å klappe rytme og takt.

5 – 6 år
No prøver barnet å syngje songane slik barnet har høyrt dei, og det ønskjer å gjere det rett. Barnet begynner å oppdage forskjellige musikksjangrar og kan interessere seg for pop og rock og hip hop. Det å få syngje i mikrofon og eventuelt bruke teppebankaren som gitar er heilt topp. Barna etterliknar og imiterer det dei har sett og høyrt.
Barnet har også komme langt i den motoriske utviklinga si og klarer å slå takten på trommer og halde rytmen på ulike rytmeinstrument. Nokre barn klarer å syngje heilt reint. Det vil seie å treffe dei rette tonane i ein melodi.

Rammeplan for barnehagen er eit dokument som seier noko om innhald og arbeidsmetodar når det gjeld alt pedagogisk arbeid i barnehagen.
Rammeplanen seier følgjande om faget kunst, kultur og kreativitet:

«Barnehagen må gi barn mulighet til å oppleve kunst og kultur og til selv å uttrykke seg estetisk.»

(Kjelde: Rammeplan for barnehagen)

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du er meint med utsegna: «Eit barn er fødd med hundre språk, men blir frårøva nittini»?
  2. Når startar den musiske utviklinga til barnet? Forklar kva som skjer.
  3. Beskriv den musiske utviklinga til barnet frå starten og fram til seksårsalderen. Lag ein presentasjon med tekst, musikk og song. Presenter for klassen.

Læringsressursar

Musikk