Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Lærling Wenche sin dag på vidaregåandeChevronRight
LearningPath
Du er nå inne i en læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barne- og ungdomsarbeidar i den vidaregåande skulen

Korleis meiner Wenche ein kan arbeide for å bli ein god barne- og ungdomsarbeidar i den vidaregåande skulen?

Ungdommer i skolegården. Foto.

Sjølv meiner eg at interesse for faget er den viktigaste faktoren. Utan interesse utviklar du verken motivasjon eller trivsel i arbeidet du gjer. I arbeid med ungdom må du ha eit heilskapleg menneskesyn og kunne sjå verdiane i kvar enkelt elev.

For å bli ein god barne- og ungdomsarbeidar må du kunne arbeide sjølvstendig og i tråd med læreplanen. Du må vere fleksibel i den forstand at du kan ta ting på sparket, og du må kunne omstille deg til ulike situasjonar og vere open og sosial. Du må kunne skilje mellom privatliv og arbeid.

Profesjonalitet i yrket er viktig, men det kan av og til vere vanskeleg sidan du som lærling får ansvar for elevar på same alder som deg sjølv, og du skal vere vaksenperson og rollemodell. Det kan vere vanskeleg fordi du har eit forhold til elevane på fritida. Det kan vere at det er venner, sysken eller andre slektningar som du elles ikkje har eit profesjonelt forhold til. Dei kjenner deg kanskje godt, og dei vil helst prate om ting som ikkje høyrer til i skulesituasjonen. I slike situasjonar kan det ofte vere ei utfordring å gi beskjed om at no er eg på jobb, og at dette temaet kan vi diskutere sidan.

Positivitet, engasjement og forskjellige måtar å spreie trivsel på både i personalgruppa og blant elevane er gode kvalitetar å ha med seg. For å kunne forstå og rettleie elevane i ulike situasjonar er empati og omsorg også viktige kvalitetar i arbeidet.

Ein vanleg dag på jobb kan innehalde alt frå matlaging til kroppsøving. Det blir ofte mykje planlegging til timane sidan vi må grunngi dei ulike aktivitetane pedagogisk. Vi må arbeide tverrfagleg med denne elevgruppa, og mange tilsette på skulen har ansvar for å leggje til rette for læring.

Som lærling i vidaregåande har eg mange kjøkkenøkter, men sjølv om det blir brukt mykje tid på kjøkkenet, er øktene alltid forskjellige alt etter kva elevgrupper som er der. Grunnen til at eg er så mykje på kjøkkenet, er at eg er knytt til studieretningane restaurant- og matfag og helse- og oppvekstfag. Andre barne- og ungdomsarbeidarar har også andre oppgåver, for eksempel i byggverkstaden.

Som lærling ønskjer eg å vere ein ressurs for alle elevane som har behov for kompetansen min. Eg arbeider mykje med mi eiga læring i lærlingtida. Dette inneber planlegging, gjennomføring av aktivitetar, refleksjonar, grunngivingar, planar og anna arbeid som er relevant for det eg gjer i arbeidet med barn og ungdom.

Omgrepsbruk

Det blir brukt ulike namn på opplæringa av elevar som treng ekstra tilrettelegging. Her er det viktig å vere medviten slik at du ikkje bruker omgrep som er stigmatiserande.

I denne skildringa bruker vi fiktive namn på elevane.