Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Forebygging av mobbing og krenkelserChevronRight
  5. Korleis førebyggje mobbing? ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis førebyggje mobbing?

l 2002 kom det første «Manifest mot mobbing». Dette er seinare blitt revidert fleire gonger, og den nyaste utgåva kom ut i 2017.

Fire skolejenter prater sammen. Foto.

Felles tiltak

Manifestet er ein forpliktande samarbeidsavtale mellom regjeringa, KS, Utdanningsforbundet og Foreldreutvalet for grunnskulen, der alle partane forpliktar seg til å jobbe for ein felles visjon om nulltoleranse for mobbing. Nokre av dei felles tiltaka som blir nemnde, er å spreie kunnskap om mobbing og å heve kompetansen hos tilsette og leiarar i barnehagar, skular og SFO.

Rammeplanen for innhaldet og oppgåvene til barnehagen (2017) seier at barnehagen har ei samfunnsoppgåve i å førebyggje mobbing tidleg. Barnehagen skal fremme positive handlingar som motverkar avvising, mobbing og vald.

Sosial kompetanse

Sosial kompetanse er vesentleg for å motverke utviklinga av problemåtferd som diskriminering og mobbing. Toleranse og respekt skal vere grunnleggjande verdiar i barnehagen. Personalet som rollemodellar skal bidra til at barna rettar seg etter dette verdigrunnlaget, og ved å vere tydelege og omsorgsfulle skal dei skape eit varmt og inkluderande sosialt miljø.

Kunnskapsløftet blir evaluert på ulike måtar. Den første delevalueringa (2009) viser at sosial kompetanse og den oppgåva skulen har med å utvikle barna sine grunnleggjande verdiar, har komme i bakgrunnen, og at dei ulike faga har for stor plass. Dette kan bety at skulane arbeider meir med faga enn med trivsel og førebygging, noko som kan føre til at omfanget av mobbing i skulen aukar.

Tiltaksprogram

Det finst ei rekkje tiltaksprogram som skulane har brukt for å førebyggje mobbing. Dei mest kjende i landet vårt er Olweus sitt kjerneprogram mot mobbing og Zero, programmet til SAF og Steg for Steg. Forsking viser at tiltaksprogram reduserte omfanget av mobbing vesentleg, og at verknadene er større dess lenger tiltaksprogramma har vart.

Slike tiltak har også hatt positiv effekt på anna antisosial åtferd som til dømes hærverk, tjuveri og skulk, og dei har ført til auka trivsel og eit betre sosialt klima. Dette fortel oss at det er viktig å jobbe med å førebyggje mobbing, og at det gir gode resultat både mot mobbinga og anna antisosial åtferd.

Førebygging

Førebygging av mobbing er i stor grad eit haldningsarbeid der både vaksne og barn og unge må ta i eit felles tak. Fleire av tiltaksprogramma for skulen bruker film og rollespel som grunnlag for samtalar og har som formål å gjere barna medvitne om korleis dei sjølve ville ha reagert i ein reell mobbesituasjon. Målet med haldningsarbeidet er at fleire tør å stå imot utøvaren si makt i situasjonen ved å vise at dette ønskjer dei ikkje å vere med på.

Dette er noko som krev mot av barna, og dei vil ha behov for mykje støtte og mange positive tilbakemeldingar på dei positive sosiale handlingane dei gjer, for å kjenne seg trygge på det. Til dømes: «Så fint at du sa ifrå, Petter, når du såg at det Nils gjorde, ikkje var bra.» Eller: «Så fint at de leikar saman, alle fire.» Når barna får slike godkjennande tilbakemeldingar på dei positive handlingane dei gjer, kjenner dei seg trygge og sterkare, og dei lærer seg at det er slik det skal vere.

Nøkkelprinsippa for dei ulike tiltaksprogramma er baserte på erfaringar og det forsking seier er viktige oppsedingsformer som førebyggjer aggressiv åtferd. Prinsippa legg vekt på

  • å skape eit miljø som blir kjenneteikna av varme, positiv interesse og engasjement frå vaksne, og å setje faste grenser for uakseptabel åtferd mot andre
  • å vere konsekvent i bruken av ikkje-fysiske og ikkje-fiendtlege følgjer når reglar blir brotne
  • at dei vaksne skal vere autoritetar i form av å vere tydelege, sterke, varme og omsorgsfulle, og at dei har ansvar for den totale situasjonen til elevane både fagleg og sosialt

Det er ikkje utarbeidd noko tiltaksprogram for barnehagane, men grunnprinsippa i programma i skulen kan overførast til tilsette i barnehagen fordi desse prinsippa er relaterte til vaksenrolla.

Rollemodeller

Det er vi vaksne som jobbar med barn og unge, som skaper føringane for eit godt sosialt miljø. Vi er viktige rollemodellar og bidragsytarar for at barna skal erverve positive sosiale haldningar som inkludering, toleranse og respekt for kvarandre og for det miljøet vi er ein del av. Ein vaksen som evnar å setje grenser er varm og tydeleg, vil verke førebyggjande mot mobbing og anna antisosial åtferd. Ein slik vaksen blir sett på som sterk og vil derfor ha innverknad på barnegruppa. Den vaksne er sterk fordi ho er tydeleg, evnar å setje grenser og å gi omsorg, ho ser alle barna i gruppa og er rettferdig.

Denne veremåten set då ein standard for korleis det skal vere i det sosiale fellesskapet. Den vaksne er sjølv eit godt førebilete og viser kva som er rett og feil ved å positivt godkjenne og trekkje fram det som er bra, og ved å setje tydelege grenser og gripe inn ved åtferd som ikkje er god. Det er ein vaksen som ser alle barna, godkjenner og respekterer alle og viser at alle er viktige og likeverdige.

Alle skular er pålagde å ha eigne handlingsplanar for korleis dei skal førebyggje mobbing, for korleis dei skal avdekkje om mobbing skjer, og for korleis dei jobbar når mobbing har skjedd. No blir òg barnehagane sterkt oppmoda til å jobbe for å førebyggje mobbing, og det vil etter kvart bli stilt krav til at barnehagane skal utarbeide sine eigne handlingsplanar.

Skolens handlingsplan

Ein del av handlingsplanane til skulane legg større vekt på korleis skulen skal følgje opp barn som har blitt utsette for mobbing, enn kva tiltak skulen skal bruke for å førebyggje og avdekke om mobbing skjer. Det er viktig at skulen tek for seg denne siste delen også, og at desse tiltaka er godt kjende blant dei tilsette, slik at alle jobbar mot same mål og tek eit felles tak i det førebyggjande arbeidet.

Eit afrikansk ordspråk seier: «Det krevst ein hel landsby for å oppdra eit barn.» I dette ligg det at alle må stå for det same, og at alle må følgje opp. Vi vaksne må stå for dei same verdiane, gripe inn når noko negativt skjer mellom barna, og løfte fram det som er positivt som vi ønskjer å forsterke.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr nulltoleranse for mobbing?
  2. Korleis kan vaksne vere gode rollemodellar som førebyggjer mobbing?
  3. Tenk gjennom kva mobbeprogram du sjølv har delteke i som elev. Kva verknad hadde dei?
  4. Besøk biblioteket og finn bøker du kan bruke i førebyggjande arbeid.
  5. Lag eit rollespel eller ein song som de framfører for barn eller unge. Bruk temaet «Å førebyggje mobbing». De vel målgruppe sjølve.
  6. Gjer deg kjend med FUG sitt hefte om mobbing.
  7. Gjer deg kjend med fagstoffet om mobbing som finst på forebygging.no. Her finn du filmar, program og mykje meir. Diskuter korleis de kan bruke dette stoffet i arbeidet med å førebyggje mobbing.
  8. Søk opp mobbing på ung.no. Korleis kan du bruke dette fagstoffet til førebyggjande arbeid?

Læringsressursar

Forebygging av mobbing og krenkelser

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale