Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Kultur og religionChevronRight
  5. Arbeid med kulturar og religionar ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeid med kulturar og religionar

Barne- og ungdomsfagarbeidarar skal leggje vekt på å gi barna forståing for andre kulturar og tradisjonar. Vi skal byggje opp respekten for menneskeverdet og støtte opp om retten til å vere ulike.

Bildet viser en gruppe barn som leker stein, saks og papir. Foto.

Inkludering

Barnehagen er ein viktig arena for inkludering. Gjennom leik lærer barna seg å kommunisere med kvarandre på tvers av kulturbarrierane. Dei lærer å ta omsyn til kvarandre, dei lærer å dele, vente på tur, samarbeide og kome fram til kompromiss. Å vere i lag med barn som har ein annan hudfarge, ein annan religion og eit anna språk, blir noko alminneleg og naturleg. Det kan førebyggje framandfrykt, mobbing og rasisme seinare i livet.

Barne- og ungdomsfagarbeidarar skal leggje vekt på å gi barna forståing for andre kulturar og tradisjonar. Vi skal byggje opp respekten for menneskeverdet og støtte opp om retten til å vere ulike.

Identitet

Barn treng å finne noko å kjenne seg igjen i og noko som kan stadfeste deira eigen identitet i barnehagen og skulen. Difor er det viktig å vise fram trekk ved det som er særeige for kvart barn, og gjere synleg at det som er ulikt, er verdifullt. Det kan vi til dømes gjere ved å markere ein høgtidsdag som står for noko spesielt i religionen som barnet høyrer til, eller spele på andre element.

Ein barnehage som har barn frå fleire kulturar, er rik på ressursar. Her har vi som barne- og ungdomsfagarbeidarar verkeleg mykje å spele på for å utvide horisonten til barna og leggje grunnlaget for forståing og toleranse. Det inneber ikkje at vi skal leggje dei norske tradisjonane til side, for kulturforståing tek til med eigen kulturarv. Men vi kan leggje noko til.

Rammeplanen

I rammeplanen for barnehagar (kapittel 1.3) heiter det at toleranse og respekt skal vere grunnleggjande verdiar i barnehagen: «I barnegruppen kan de utvikle solidaritet med andre barn. Innlevelse i andre menneskers situasjon vil bidra til medmenneskelighet, solidaritet og toleranse. I et globalt perspektiv er det av stor betydning at barn utvikler nestekjærlighet og solidariske holdninger.» Desse verdiane gjeld i høg grad også større ungar både i og utanfor skolen.

Ulike tema:

  • høgtider
  • nasjonaldagar og merkedagar
  • årstider
  • mat og kosthald
  • klesdrakter
  • musikk
  • språk
  • karneval
  • litteratur
  • familie

Utfordringar til deg

  1. På kva måtar er barnehagen og skulen viktige arenaer for inkludering?
  2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar bruke leiken som ein del av arbeidet med å inkludere alle i barnegruppa?
  3. Kvifor er leik eit godt utgangspunkt for dette arbeidet?
  4. Korleis kan du som rollemodell arbeide for at barna får bekrefta identiteten sin i barnehagen? Kvifor er det viktig?
  5. Arbeid med: Temahefte om språklig og kulturelt mangfold Presenter innhaldet og hovudbodskapen i temahefta for kvarandre i klassen.
    Arbeid i grupper eller åleine. De kan gjerne velje ulike måtar å presentere stoffet på: plakatar, rollespel, digital presentasjon, fagtekstar eller anna.

Læringsressursar

Kultur og religion

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Mormoner møter humanist

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Muslim møter Ivelina

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Pinsevenn møter hindu

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Hindu møter pinsevenn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Humanist møter mormon

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Ivelina møter muslim

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    NRK Oh my God! Sikh møter wicca

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter