Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Renessansen

Rennessanse betyr gjenføding, og i denne perioden skulle ideala frå antikken stå fram på nytt. Mens ein i mellomalderen sette Gud i sentrum, var det i renessansen mennesket som stod i fokus. Perioden innleier eit heilt nytt syn på den retten mennesket har til å utfalde seg.

I Renessansen var mennesket i fokus.
I Renessansen var menneske i fokus.

Med Martin Luther og reformasjonen omkring 1520 var det slutt for den svært religiøse gotiske stilepoken. I Italia var minnet om oldtida og den antikke kunsten teke vare på gjennom heile mellomalderen. Mens den gotiske stilen hadde si stordomstid i Nord-Europa, begynte det i Italia å vekse fram ei rørsle som med eit fransk ord blei kalla "renaissance". Det må vere riktig å hevde at renessansen i europeisk historie er noko langt meir enn ein ny stilepoke i kunst og handverk. Renessansen innleier eit heilt nytt syn mennesket.


Møbelproduksjon

Rennesansemøblane var ofte kunstferdig utskorne, gjerne med arkitektoniske motiv. Til ornamentikken høyrde ofte mytologiske figurar som kjerubar, urner og akantusranker. Frå renessansen blei skapet eit vanleg møbel, først i palass og slott, seinare hos borgarskapet og til slutt hos bøndene.

Avdelingsdirektør Widar Hallén presenterer: Speil og stol i renessanse stil

Klesdrakta

Klesdrakta var i byrjinga av perioden kroppsnær, men dette forandra seg etter kvart som erobringstokter til andre deler av verda førde nye varer til Europa. Portugal, Spania og England blei stormakter på havet, og viktige handels- og kultursentra voks opp her. Mens det i mellomalderen kunne vere vanskeleg å sjå skilnad på menn og kvinner ut frå kleda, blei no kjønnsskilnadene understreka gjennom klesdrakta.

Eksempel på hvordan klesdrakten til menn og kvinner var i Renessansen.
Døme på korleis klesdrakta til menn og kvinner var i Renessansen

Ei vanleg mannsdrakt i renessansen var samansett av skjorte, kappe og vams – etter kvart ein vest med lause ermar festa med snøringar. På underkroppen brukte mennene hoser eller buksebein haldne saman med snøringar og knappar i livet og skrittet. Herrejakka var polstra med riddarrustninga som forbilde. Utanpå hadde mennene gjerne ei pelsfôra jakke med korte ermar. Nedantil bar mennene korte ballongbukser med hol i skrittet. Kjønnsorganet blei framheva med ein skamkapsel. Både buksene, puffermane på skuldrene og hattane, som ofte var pynta med fjør, var runde. Mot slutten av perioden kom det på moten å ha snitta hol i kleda, der stoffa frå plagga under, som ofte var finare, kunne tyte ut.

Kvinnedrakta var ein lang underkjortel med lange smale ermar, lang overkjortel og kappe. Etter kvart blei skjørta større, mens overkroppen var forma ved hjelp av band under brystet og stive korsett. Skorne i renessansen var først enkle snabelsko, men etter kvart gjekk moten over til breie sko med rund tå. Kvinnene brukte eit korsett som flata ut brysta og tvinga overkroppen inn i ei V-form. Med fleire lag av underskjørt og tunge, dekorerte skjørt med ermar over, kunne det vere vanskeleg for overklassekvinnene å røre mykje på seg.

Arkitektur

Renessansearkitekturen hadde sitt opphav i Firenze på byrjinga av 1500-talet ved ei oppblomstring av verdsleg byggjeverksemd. Bakgrunnen for dette var utviklinga av ein kapitalistisk økonomi. Takka vere bankvesenet blei det innført eit pengehushald som samla store formuar på private verdslege hender. Orden og symmetri karakteriserte utforminga av dei italienske palassa. Typiske trekk var bruken av det antikke byggjesystemet med søyler og dekorative bordar kombinerte med vassrette linjer og rektangulære former, brotne opp av framheva inngangsparti og trappepodium. Vindaugo hadde ei bogeform, plassert symmetrisk og ofte todelt av lette søyler.

Bildevev

Seniorkurator Anne Kjelberg fortel om bildeveven "Mennesket mellom synd og nåde". Eit veggteppe vevd i gobelinteknikk i Norge i første halvdel av 1600-talet.

Renessansens bildevev kom til Noreg med utanlandske handverkarar i andre halvdel av 1500-talet. Johannes Jensdatter var ei av dei kvinnene som tok opp handverket. Ho dreiv ei vevstove med fleire lærejenter i Bergen og blei brend som heks i 1594.

Kunsthandverkaren og kunstnaren

En skulptur i marmor laget av Michelangelo.
Ein skulptur i marmor laga av Michelangelo.

Det er vel først med renessansen at vi ser at det utviklar seg eit skilje mellom handverkaren og kunstnaren. Dei førstnemnde var styrde av oppdragsgivarane sine. Dei sistnemnde bestemte både motiv og pris på verka sine sjølve. Det var eit mål å finne tilbake til det ekte og naturlege frå kunsten i antikken. Eit inngåande studium av sjølve menneskekroppen utgjorde ein vesentleg del av dette. Dei kjende renessansekunstnarane Michelangelo og Leonardo da Vinci undersøkte til og med musklane og beinbygninga til døde personar. Skulpturane deira skulle uttrykkje likevekt og harmoni. Som målarar var dei opptekne av dei nyoppdaga perspektivlovene, og lys- og skyggeverknader var sentrale for å få motiva så ekte som mogeleg. Den store renessanseforfattaren var engelsk, og heiter William Shakespeare.

Boktrykkerkunsten

Kompass som her viser to systemer for å beskrive en skipets kurs, den indre og den ytre sirkel.
Kompass som her viser to system for å gjere greie for kursen til skipet, den indre og den ytre sirkel.

Den største tekniske oppfinninga i Europa under renessansen var boktrykkjarkunsten. Han baserte seg på at støypte enkeltbokstavar av bly blei sette saman til ord og setningar til ein satsspegel over heile sider. Dette utkonkurrerte straks dei handkopierte bøkene. Men mykje av estetikken frå dei handkolorerte vignettane blei vidareførde i boktrykkjarkunsten. Oppfinninga av sekstanten, som kunne måle ulike himmellekamars høgd over horisonten, saman med ei sterk forbetring av kompasset, gjorde det mogeleg med større tryggleik å ta seg ut på det opne havet. Christofer Columbus' ferd over Atlanterhavet til Bahamas i 1492 og Vasco da Gamas reise rundt sørspissen av Afrika til Calicut i India i 1498, var ein direkte konsekvens av desse oppfinningane.

Seinrenessanse og Manierisme

Seinrenessansen i siste halvdel av 1500-talet har i kunsthistoria sidan 1920-talet fått si eiga nemning, manierismen. I målarkunsten er dette uttrykt gjennom overraskande perspektiv og kompliserte komposisjonar. I skulpturen blir det uttrykt det gjennom kraftigare rørsler og større plastisitet. Uttrykket må sjåast på som ein reaksjon mot renessansens harmoni, struktur og balanse. Mens renessanseidealet var ein logisk, klår og velproporsjonert design, eksperimenterte og manipulerte manierismen med former, dekor og symbol for å skape komplekse illusjonar. Det er ein forsmak og ei overgangsform til den neste epoken i stilhistoria, nemleg barokken.

Manierismen oppstod rundt 1520 som ein reaksjon mot høgrenessansens vekt på harmoni, symmetri og balanse. Typiske kjenneteikn på den nye stilen er uortodokse arkitektoniske element og detaljar. I musikken er madrigalen eit av dei tydelegaste uttrykka for manierismen. Her legg vi manierismen tidsmessig til barokken.

The Miraculous Draught of Fish - oljemaleri malet sent 1580- årene.
The Miraculous Draught of Fish - oljemåleri mala seint 1580- åra.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale