1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. DesignChevronRight
  4. DesignprosessenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Designprosessen

Designprosessen startar med eit oppdrag eller ein idé som skal bli til eit ferdig produkt. I denne arbeidsprosessen går vi gjennom fem fasar: idéutvikling, planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon. Gode kunnskapar om form, farge og material er viktig for å skape eit godt design.

Illustrasjon som viser designer i sitt studio. Foto.

Kva er design?

Design er blitt stadig viktigare når det gjeld produksjon og presentasjon av produkt. Design viser til utsjånaden og formen til eit produkt eller ein del av eit produkt. Alt har form og farge, men det bevisste arbeidet med å gi produkt ei form har etter kvart stadig fått meir og meir å seie og ein breiare plass i produktutviklinga.

Restaurerte stoler. Foto.

I praksis skil vi innanfor design gjerne mellom gjenskaping og nyskaping. Gjenskaping betyr at bedrifta er produsent av eit produkt som andre, gjerne ein industridesignar, har skapt. Dette er for eksempel ofte tilfelle i møbelindustrien. Også i fag som blomsterdesign og frisørfaget er det som regel snakk om gjenskaping. Men i desse faga ligg det i dag samtidig ein ikkje liten designdel når det gjeld bruk av både form og farge.

Eit område som har fått stadig større plass blant designprodukt er logoar og bruken av dei i presentasjonen av eit firma på skrivepapir, plakatar, avisannonsar og på nettet.

Designaren arbeider med å planleggje produkt som har gode funksjonelle og estetiske kvalitetar og må vurdere kva som er nyttig eller unyttig, stygt eller pent. Produktet må dessutan tilpassast ein marknad, og det blir i dag lagt stadig større vekt på økologiske aspekt som ressursbruk og gjenbruk.

Arbeidsprosessen

Arbeidsprosessen blir heile vegen frå idé til ferdig produkt og omfattar at du konkretiserer og grunngir din eigen idé, eigen arbeidsprosess og eige produkt i forhold til etiske og estetiske normer, bestillingar og økonomiske, materielle og tidsmessige rammer for arbeidet. Denne prosessen blir ofte kalla designprosessen.

Det gjeld å halde styr på alle tankar og idear og sikre at sluttproduktet gir eit så heilskapleg og bra konsept som mogeleg. Det er vanleg å framstille designprosessen som ein sirkel.

Ein god designprosess blir kjenneteikna ved at det blir jobba kontinuerleg med forbetringar av dei enkeltelementa produktet består av. Vi blir sjeldan heilt ferdige med eit enkeltelement i prosessen. Vi vender stadig tilbake til eit tidlegare punkt og gjer forbetringar ut frå nye erfaringar og ny innsikt som vi har fått etter kvart. Slik gjentar sirkelen seg.

Designarbeidet startar med ein funksjonsanalyse. Det gjeld å vurdere brukseigenskapar, ergonomi, materialar, form, farge, dekor. Under arbeidet lagar ein skisser og modellar, prøver seg fram og gjer stadig nye forsøk. Etter kvart kjem ein dit at ein kan utarbeide nøyaktige arbeidsteikningar, og det kan lagast eit produkt som kan prøvast ut og til slutt presenterast for kjøparar eller brukarar.

Læringsressursar

Design

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale