Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Mat og kulturChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Mat og kultur

Matskikkar er eit resultat av kultur og tradisjonar og av kva råvarer ein har hatt tilgang på der ein har vakse opp. Matkulturen i eit samfunn er i stadig endring – vi påverkar andre og blir påverka sjølv. Vi et ikkje det same i dag som vi gjorde for 50 år sidan.

Matkulturar og matvanar varierer mellom forskjellige samfunn, nasjonar og delar av verda. I nokre kulturar står religion veldig sterkt, og dei ulike religionane har òg reglar for kva som er lov å ete og til dels òg korleis maten skal lagast til.

Noreg er eit fleirkulturelt land, og det er viktig at vi som skal lage og servere mat og drikke, har mykje kunnskap om både vår eigen og andre sin matkultur. Matkultur er viktig for eigen identitet, og i dette emnet kjem du til å få kunnskap om fleire ulike matkulturar du bør kjenne til i din framtidige jobb som fagarbeidar.

Emne

Mat og kultur

  • Norsk matkultur

    I Noreg har vi ein relativt kort sesong. Vi har derfor ein tradisjon for å ta vare på maten, slik at han kunne oppbevarast gjennom heile vinteren.

  • Samisk matkultur

    Det tradisjonelle samiske kosthaldet reflekterer eit liv nært naturen.

  • Noreg er fleirkulturelt, og du kjem til å møte menneske med ulike ønske og behov for tilpassa mat. Religion, oppvekst og land er med på å påverke.

  • Vegetarkost

    Å utelate kjøtt og fisk frå kosthaldet, og i enkelte tilfelle utelate mjølk og egg, blir kalla vegetarisme.