Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Kosthald og helse

    Kva inneheld maten vår? Kva og kor mykje bør vi ete? I dette emnet får du god kunnskap om kva maten har å seie for di eiga helse, og korleis vi kan førebyggje livsstilssjukdommar ved å ta gode val og ha eit sunt og variert kosthald.

    Mat og kultur

    Matskikkar er eit resultat av kultur og tradisjonar og av kva råvarer ein har hatt tilgang på der ein har vakse opp. Matkulturen i eit samfunn er i stadig endring – vi påverkar andre og blir påverka sjølv. Vi et ikkje det same i dag som vi gjorde for 50 år sidan.

    Norsk matkultur

    Norsk tradisjonsmat har frå gammalt av vore prega av måtehald og god ressursutnytting. Etter slaktinga på hausten vart derfor maten konservert på ulike måtar for å vare gjennom vinteren. Ein del av desse konserveringsmetodane har vorte ein del av mattradisjonen vår – som salting, tørking og røyking.