Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjukdommar i respirasjonsorgana

Respirasjonsorgana syter for at kroppen får oksygen. Blodet strøymer gjennom lungene og tek opp oksygen frå lufta vi pustar inn. Sjukdommar i respirasjonsorgana hemmar oksygenopptaket, og det får alvorlege konsekvensar.

Undersøkelse av en persons lungefunksjon

Fleire av dei vanlegaste sjukdommane som rammar respirasjonsorgana, er knytte til livsstil.

Sjukdommar i respirasjonsorgana hemmar oksygenopptaket på to måtar:

  • Irritasjon i luftrøyret og bronkiane fører til at veggene her hovnar opp, og at det blir produsert mykje slim. Dette hemmar lufta som skal strøyme inn og ut av lungene, og utskiftinga av luft i kvart andedrag blir redusert.
  • Alveolane, dei små blærene der oksygen strøymer frå lufta og over til blodet, blir deformerte. Dette fører til at overflata der gassutvekslinga skjer, blir redusert. Når blodet forlèt ei lunge med deformerte alveolar, inneheld det mindre oksygen enn om lunga hadde vore frisk.

Luftvegane

Luftvegane. Foto.

Personar som har lungesjukdommar som kronisk bronkitt, emfysem, astma eller KOLS, er meir utsette for å få infeksjonar, for eksempel lungebetennelse i luftvegane. Luftvegane blir òg ramma av infeksjonar som fører til forkjøling, bronkitt eller lungebetennelse. Dette er sjukdommar som alle kan få, og som lækjer seg sjølv eller ved hjelp av antibiotika.

Sjukdommar i respirasjonsorgana

Pasientar med luftvegssjukdommar har ofte kronisk hoste. Dei pustar fort og ikkje så djupt som normalt. Pasienten vil oppleve at det er tungt å puste. Dersom tilstanden er alvorleg, kan pasienten få ei kjensle av at han eller ho blir kvelt. Dette fører ofte til redsel eller angst.

Ein går ut ifrå at røyking er den viktigaste årsaka til alvorlege sjukdommar i respirasjonsorgana. Tobakksrøyk inneheld små partiklar som irriterer og fører til auka slimproduksjon i luftrøyr og bronkiar, noko som igjen utløyser hosterefleksen. Hosting er kroppen sitt forsøk på å fjerne dei stoffa som irriterer, og det ekstra slimet som blir produsert. Tobakksrøyk gjer òg alveolane mindre elastiske og skader overflata mellom luft og blod.

Fleire av partiklane og gassane i tobakksrøyk er òg kreftframkallande. Det vil seie at dei påverkar cellene slik at dei begynner å danne svulstar. Lungekreft er ein alvorleg sjukdom, og han er vanskeleg å oppdage tidleg nok til at han kan behandlast. Lungekreft blir rekna for å vere ei av dei kreftformene som oftast fører til død.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter