Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. Samansetjing og måltidsrytmeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samansetjing og måltidsrytme

Tre jenter, ungdommar et saman, lunsj, pålegg, frukt og grønt, sunt, mat, kosthald, helse. Foto

Vi et fleire små og større måltid kvar dag. Måltida er sette saman av mange ulike matvarer, og kva for matvarer vi vel og korleis vi vel å lage dei til, betyr mykje for om vi kan seie at vi har eit sunt kosthald eller ikkje.

Etter kvart som vi veks til, avgjer vi sjølve i stor grad kva måltida skal bestå av. Dette kan variere mykje og er også avhengig av familien sine kostvanar, utdanning, økonomi og interesse for matlaging. Dersom ein er i jobb eller er skuleelev, er dagens gjeremål stort sett fastsette, og måltida får ein bestemt rytme. Vi treng jamleg påfyll av energi og næringsstoff for å klare dei daglege utfordringane.

Et med faste mellomrom

Du har sikkert opplevd kor slapp og ukonsentrert du kan bli når det har gått for mange timar sidan du har ete og blodsukkeret blir for lågt. Cellene i kroppen, og særleg hjernecellene, er avhengige av energi i form av glukose for å kunne fungere. For at blodsukkeret skal halde seg jamt og heller ikkje bli for lågt, bør det ikkje gå meir enn 3-4 timar mellom kvart måltid.

Måltidet sin sosiale funksjon

Maten har ikkje berre ei fysiologisk oppgåve. Når vi lagar til fest eller skal kose oss i andre samanhengar, er stort sett alltid mat og drikke ein svært viktig del av dette. Mange legg mykje arbeid i å lage til måltid som skal glede andre.

Her kan du lese meir om korleis du kan setje saman måltid slik at dei blir ernæringsmessig best mogeleg. Du får òg tips om kor mange og kva type måltid du treng kvar dag, og sist, men ikkje minst, om den sosiale funksjonen måltida har.

Å setje saman eit måltid

"Kva du et mellom nyttår og jul, er viktigare enn det du et mellom jul og nyttår". Denne utsegna seier noko om at det er det vi gjer i det daglege som betyr noko for om vi kan kalle kosthaldet vårt sunt eller usunt. Det skal ikkje vere vanskeleg å ete rett, og dei fleste har nok ei aning om kva dette inneber. I ulike medium får vi stadig kostråd frå meir eller mindre seriøse aktørar, og ein skal ha noko kunnskap innanfor området for ikkje å ta alt for god fisk.

Kunnskapen til fagarbeidaren er viktig

Som fagarbeidar innanfor restaurant- og matfag krevst det altså meir av deg enn synsing på dette området. Du må ha kunnskapar om korleis kosten er samansett slik at du kan lage til ernæringsmessig riktig mat og gi kvalifiserte råd til andre om temaet. I dag veit vi mykje om korleis vi kan førebyggje fleire livsstilssjukdommar ved å ha eit sunt kosthald, og då bør vi handle deretter.

Helsedirektoratet gir nokon anbefalingar for kosthaldet som – dersom ein følgjer dei – sikrar kroppen sitt behov for viktige næringsstoff og dermed gir helsegevinstar.

Måltidsrytmen

Hjernen har eit stort behov for energi, og går det for lang tid mellom måltida, føler vi oss slappe og ukonsentrerte. For å halde blodsukkeret jamt og dermed unngå dette, er det tilrådd at vi et kvar tredje/fjerde time for å tilføre kroppen drivstoff. Ein vanleg rytme er derfor dei tre-fire hovudmåltida frukost, lunsj, middag og kveldsmat. I tillegg treng ein eitt til to mindre mellommåltid.

Start dagen med frokost!

Mange vil hevde at nettopp frukosten er det viktigaste måltidet om dagen. Samtidig veit vi at mange synest det er vanskeleg å ete tidleg om morgonen. Forbrenninga er nedsett om natta, og vi seier at kroppen er i ein fastetilstand.

  • Frukosten vil få forbrenninga i gang igjen.
  • Utan frukost vil du vere så svolten når det er tid for lunch, at du lett gjer lite fornuftige val av mat og drikke.
  • Forsking syner at dei som et ein skikkeleg frukost, har mindre trong til sukker og søte saker utover dagen.

Viss du har dårleg tid, kan ein jogurt, ei frukt eller eit glas mjølk vere løysinga. Har du betre tid, bør frukosten innehalde grove kornprodukt, pålegg av kjøtt, fisk eller bær, ei frukt og eit glas jus eller mjølk.

Andre brødmåltider: lunsj og kveldsmat

Når det nærmar seg lunchtid, er det gått 3-4 timar sidan frukost, og det er igjen tid for påfyll av mat og drikke. Som skoleelev skal du vite at det finst retningslinjer for skolemåltidet frå Helsedirektoratet. Ikkje alle skolar har eiga kantine, men alle kan klare å få til eit mattilbod som er basert på følgjande retningslinjer:

  • varierte og grove brødvarer
  • lettmargarin eller mjuk margarin
  • variert pålegg
  • frukt og grønsaker
  • skumma mjølk, ekstra lett lettmjølk og lettmjølk
  • jus og kaldt drikkevatn

Skolane bør ikkje by elevane brus og saft, potetgull, snaks og godteri, og heller ikkje kaker, vaflar og bollar til dagleg. Dette er matvarer som aukar blodsukkeret kraftig, men det fell også raskt igjen. Det fører til at mange, etter kort tid, igjen blir trøtte og uopplagte og slett ikkje klare for resten av dagens gjeremål.

Kveldsmaten er ein naturleg del av eit kosthald. Han består stort sett av det same som frukosten - altså brødmat med eit fornuftig utval av pålegg og drikke i form av mjølk eller jus.

Middagsmåltidet

Vi har lange tradisjonar for eit varmt middagsmåltid. Det er mye å velje mellom, og det treng heller ikkje ta lang tid å lage ein god og næringsrik middag. Tradisjonelt består dette middagsmåltidet av fisk eller kjøtt, potetar og grønsaker.

Med den tilgangen vi i dag har på spanande og sunne råvarer, har vi store variasjonsmoglegheiter når vi skal lage middag. Ei enklare løysing kan vere å ta utgangspunkt i til dømes ein suppepose. Viss du tilset friske grønsaker, kan du lett betre kvaliteten på suppa.

Når du er litt småsulten: mellommåltider

Det kan gå lang tid mellom til dømes lunch og middag. Sørg da for å ha noko sunt å ete. Døme på sunne måltid kan vere

  • ei frukt eller grønsak
  • ei brødskive
  • knekkebrød med magert pålegg
  • lettjogurt
  • eit glas jus
Med eit slikt lite tilskot held du blodsukkeret stabilt, du føler deg betre og stoggar svolten utan å sprekke med til dømes ein sjokolade.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter