Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brødmerking hjelper forbrukarane å velje sunt

Bestemor sit i gåstolen, barnebarnet viser henne eit brød. Foto.

Det er vanskeleg å vurdere kor grovt eit brød er ut ifrå korleis det ser ut. Det er òg vanskeleg å vite kva som er kriteria for eit sunt brød. Grovleiksmerkinga "Brødskala’n" er det nordiske symbolet for sunne alternativ innanfor same matvaregruppe.

Brødskala’n

Brødskala’n er delt inn i fire kategoriar for grovleik, og gir eit oversyn over kor stor del sammale mjøl, heile korn og kli brødet inneheld. Ein nyttar ulike omrekningsfaktorar for å rekne ut kor grovt brødet er i høve til kva korntype og kva for delar av kornet ein bruker.

Opplysningskontoret har laga ein brødskalakalkulator som du finn på heimesida til opplysningskontoret for brød og korn. Her kan forbrukaren rekne ut kor grove brød ein får av eigne oppskrifter.

For mjøl- og bakeribransjen er det frivillig å merke eigne produkt med Brødskala’n. Brød som er godkjende har brødskalamerke på brødposen. Undersøkingar frå 2010 viser at 98 prosent av brøda som blir selde på marknaden, er merkte. Merkeordninga blir administrert av NHO mat og drikke.

Nøkkelholet

Norske kosthaldsråd seier at vi bør få i oss 25–30 gram fiber kvar dag, og dette svarer til 70–90 gram sammale mjøl eller fullkorn. Av det daglege energiinntaket vårt bør maks 30 prosent komme frå feitt og 10 prosent frå sukker. Saltinntaket bør ikkje overstige 5 gram. Dette er grunnlaget for kriteria i merkeordninga Nøkkelholet.

Nøkkelholmerkinga viser tilrådde matvarer innanfor si matvaregruppe basert på innhaldet av feitt, salt, sukker og fiber. Det er frivillig for produsentar å nytte denne ordninga.

Til dømes må brød og brødmiksar per 100 g innehalde minst 5 g fiber og 30 prosent fullkorn og maks 7 g feitt, 5 g sukker og 1,0 g salt. Rugbrød har litt andre krav og må innehalde minst 6 g fiber, 35 prosent fullkorn og maks 1,2 g salt, 5 g sukker og 7 g feitt.

Merkeordninga blir styrt av styresmaktene gjennom Mattilsynet og Helsedirektoratet.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter