Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kosthald og helse

Kosthald og helse er tett knytte saman. Vi kan godt seie at maten vi et, påverkar helsa vår. Mange et alle måltida sine på ein institusjon eller på ein serveringsstad. Då er det spesielt viktig at dei som lagar maten, har kunnskap og tek medvitne val, slik at maten er sunn og næringsrik.

Kokk på restaurantkjøkken. Foto.

Eit sunt og variert kosthald som er basert på kosthaldsråda, vil vere med på å oppretthalde ei god helse. Du har kanskje høyrt om "fem om dagen"? Det er eitt av dei 12 kostråda vi er tilrådde å følgje for å førebyggje livsstilssjukdommar. Det finst også ein del andre merkeordningar som kan hjelpe deg som forbrukar med å ta riktige val, som brødmerking og nøkkelholsmerking.

I dette emnet vil du også få kunnskap om samanhengen mellom livsstilssjukdommar og kosthald, innhaldet av næringsstoff i maten, samt lære meir om ulike intoleransar og allergiar.

Emne

Kosthald og helse

  • Vi er heilt avhengige av næringsstoffa frå maten for å vekse og utvikle oss, og for å halde ved lag ulike funksjonar i kroppen.

  • Ikkje-energigivande næringsstoff er ei samnemning på næringsstoff som ikkje gir oss energi, men som likevel er livsnødvendige for oss.

  • Antioksidanter

    I dette emnet kan du lese meir om dei viktige antioksidantane og kva matvarer som er gode kjelder.

  • Livsstilssjukdommar heng saman med korleis vi lever. Ved å ta sunne val, kan vi hindre at vi får ulike livsstilssjukdommar.

  • Tilpassa kost

    Mange personar har ein allergi eller intoleranse overfor éi eller fleire matvarer og må få servert tilpassa kost.