Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. Te og kakaoChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Te og kakao

Ein kopp med god og varmande drikke gjer godt for kropp og sjel. I tillegg til kaffi, er kakao og te drikker som er mykje brukte verda rundt.

Kaffikoppar i fleire fargar. Foto.

Kakaodrikke nyt ein ofte ute på kafear og restaurantar, og det er vanleg å få kakaoen servert med ein kremtopp. Variantar av kakao blir òg smaksett med andre smakar, som chili eller kanel.

Kakaofrukta er hovudråstoffet i sjokolade. Prosessen med å lage sjokolade er krevjande og tek tid. Kakaobønner må gjennom fermentering, tørking og røsting for å få den karakteristiske smaken. Ved å fjerne kakaosmør frå kakaobønna får ein kakaopulver.

Te er ein drikk som ofte blir servert til frukost, men òg til andre måltid. Te skal serverast i store koppar, og ein tilset ofte sukker, mjølk eller honning for å balansere smaken. Tebusken er ein eviggrøn plante, som er særleg utbreidd i Asia. Teblada blir tørka og malne, og det er mellom anna dette som er avgjerande for kva type te ein får.

I dette emnet får du kunnskap om korleis kakaofrukta, gjennom ulike prosessar, blir forandra til kakao og sjokolade. Du lærer òg meir om te, som opphavleg var ein medisinplante.

Læringsressursar

Te og kakao

SubjectEmne

Fagstoff