Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
  5. Lage kaffiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lage kaffi

Ein smakfull kopp kaffi kan lagast til på ulike måtar. Her får du ei oversikt over dei vanlegaste metodane for å lage til kaffi.

Ei dame heller kaffi frå ei presskanne. Foto.

Kjele

  1. Kaffekjele. Illustrasjon.
    Kaffekjele
    Bruk ein rein kjele, helst av rustfritt stål.
  2. Mål opp rett mengde friskt, kaldt vatn.
  3. Kok opp, og trekk kjelen vekk frå plata.
  4. Mål opp kokmalen kaffi. Rundt 60 g kaffi per liter vatn gir ein god og fyldig kaffi.
  5. Ha i den oppmålte kaffien, rør rundt, og la han trekkje i 6–8 minutt.

Kaffitraktar

  1. Kaffetrakter. Illustrasjon.
    Kaffetrakter
    Mål opp rett mengde friskt, kaldt vatn.
  2. Ha filterpapir i haldaren.
  3. Skyl filterpapiret i vatn for å få bort «papirsmaken».
  4. Mål opp 60 g kaffi per liter vatn.
  5. Slå på traktaren.
  6. Når alt vatnet har trekt gjennom filteret, er kaffien ferdig.

Presskanne

  1. Presskanne. Illustrasjon.
    Presskanne
    Kok opp friskt, kaldt vatn i ein kjele.
  2. Varm presskanna og stempelet på førehand.
  3. Ha i rett mengde kaffi. 60 g kaffi per liter vatn gir ein god og fyldig kaffi.
  4. Hell det kokte vatnet over kaffien, og rør om.
  5. Set på loket med stempelet i øvre stilling medan kaffien trekkjer.
  6. Press ned stempelet, og server kaffien.

Bruker du filtermalen kaffi, bør traktetida vere 4–5 minutt.
Bruker du kokmalen kaffi, bør traktetida vere 6–7 minutt.
Bruker du presskannemalen kaffi, bør traktetida vere 6 minutt.

Mokkakanne

Mokkakanne. Illustrasjon.
Mokkakanne

Mokkakanna gir ein intens kaffi som smakar litt bittert. Mange trur dei lagar seg ein kopp espresso, men det er eigentleg ein kopp mokka. Skilnaden er at vi får ikkje den same fine cremaen som dannar seg på ein riktig tillaga espresso.

  1. Fyll kaldt, friskt vatn opp til ventilen i det nedste kammeret.
  2. Ha i malen espressokaffi i filteret utan å presse det saman.
  3. Skru kanna saman, og set ho på varmeplata.
  4. Når du høyrer ein fresande lyd og tre firedelar av kaffien har fylt seg i det øvre kammeret, tek du kanna bort frå plata.
  5. Kaffien er no klar til servering.

Hugselappen

  • Kaffi kan lagast til på ulike måtar og med forskjellig utstyr.
  • Utstyret må alltid vere reint for at kaffien skal smake godt.

Læringsressursar

Kaffi