Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. RisChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ris

På verdsbasis blir ris rekna som eit av dei viktigaste kornslaga, etter mais og kveite. Det er det einaste hovudnæringsmiddelet for nesten 50 % av verdas befolkning. På nokre asiatiske språk er ordet for «ris» og «mat» det same.

Forskjellige typer ris i skåler. Foto.

Det finst mange typar ris i verda, og grovleiken varierer – frå heilt polert til upolert med skal. Dei mørke variantane med skal har eit høgare næringsinnhald enn dei utan. Risen blir også delt inn etter om kornet har ei rund, oval, kort, lang eller delt form. Rundkorna og langkorna ris er nok mest brukt i Noreg i dag.

I dette emnet vil du lære om ris og dei mest brukte tillagingsmetodane, næringsinnhald og råd om forbruk.

Læringsressursar

Ris

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter