Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Korn og mjølChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Korn og mjøl

Korn blir dyrka over heile verda og er ei viktig næringskjelde. Det blir brukt til både mat og dyrefôr. I Noreg dyrkar vi mest kveite, bygg, havre og rug. Mjøl er knust korn, og det kan knusast eller malast til ulike grader. Vi har tre hovudkategoriar av mjøl: fint, sammale og heilkorn.

Ei dame, som er kledd i ein kjole, går i ein kornåker. Foto.

Bakeevna varierer med kornsortane og er knytt til gluteninnhaldet i proteinet. Glutenet gjer deigen seig og smidig og bind væske godt.

I Noreg har vi for vane å ete fleire skiver med brød kvar dag, og det er derfor ein viktig del av kosthaldet vårt. Brød og korn er sunt, godt, raskt og lettvint. Ved å velje dei grovaste variantane, får du i deg viktige næringsstoff som er bra for helsa og som kan førebyggje mange folkesjukdommar. Brødskalaen er ei merkeordning som kan hjelpe deg å finne dei grovaste variantane.

I dette emnet lærer du om mjøl frå råvare til produkt, du får ei innføring i dei ulike kornslaga og kva dei best eignar seg til, og du får vite meir om kva kornet har å seie for helsa.

Læringsressursar

Korn og mjøl