Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. KjøtChevronRight
  5. KonserveringsmetodarChevronRight
  6. Graving av kjøtChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Graving av kjøt

Graving av kjøt er ein konserveringsmetode som gir kjøtet ein særeigen smak og konsistens. Ettersom kjøtet ikkje blir varmebehandla, må du vere ekstra nøye med hygienen når du lagar det til.

Bilete av Cognac-graven reinsdyrfilet med tyttebær- og hasselnøttrømme. Foto

Framgangsmåte

Når du skal grave kjøt, gnir du kjøtet inn med desse ingrediensane:

  • sukker
  • salt
  • krydder (til dømes pepar, einebær, karve, friske urter)
  • grønsaker (Ein må ikkje nødvendigvis bruke dette, men dei gir ein god smak. Bruk til dømes purreløk og gulrot.)
  • brennevin (Dette er ikkje nødvendig for å få til gravingsprosessen, men det gir ein god smak. Det er vanleg å bruke akevitt eller konjakk.)

Legg det heile kaldt med lett press (om lag 200–300 gram) i eit par dagar. Snu kjøtet to gonger i døgnet.

Grave kjøt kan oppbevarast i kjøleskap i om lag 2–3 veker.

Kjøtet kan frysast, men smakar best dersom du ikkje frys det.

Ver kreativ og prøv gjerne ulike krydder

I oppskrifta vår på grave kjøt (som ligg under relatert), kan du kombinere den obligatoriske blandinga av salt og sukker med pepar og karve. Dette gir ein smak som er både frisk og spennande. Har du lyst til å eksperimentere litt sjølv kan vi anbefale ein marinade med eksotiske krydder, til dømes kardemomme og anis. Eller kva med friske urter, dill eller persille, basilikum og timian?

Læringsressursar

Konserveringsmetodar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter