Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. EggChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Egg

Med egg på kjøkkenet kan du alltid lage noko godt! Egg har mange gode eigenskapar som vi har nytte av i matlaginga. Vi bruker egg til å heve kaker, binde farsar, tjukne supper og sausar, lage eggekremar og majonesar for å nemne noko!

Kvite og brune egg. Foto.

I Noreg har vi trygge, gode egg utan sjukdomsframkallande bakteriar. Dei blir nøye kontrollerte hos bonden og eggpakkeriet før dei går ut til forbrukaren. Det gjer at vi fint kan ete egga også etter utløpsdatoen. Berre hugs å oppbevare dei riktig.

Egg er ei næringsrik matvare og inneheld alle vitamin med unntak av vitamin C. Ønskjer du å vite meir om næringsinnhald, tillagingsmetodar og egget sine eigenskapar kan du finne det her i dette emnet.

Læringsressursar

Egg