Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Emballering og merking av matChevronRight
  5. Emballasje og matChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Emballasje og mat

Merkinga skal opplyse brukaren om emballasjen er meint for kontakt med næringsmiddel. Glas- og gaffelsymbolet er eitt av fleire merkealternativ og blir stadig meir utbreidd på skåler, boksar og øskjer av plast. Symbolet illustrerer at vara er eigna til kontakt med mat og drikke.

Glas- og gaffelsymbol. Foto.

Vara kan òg få ei karakteriserande varenemning, til dømes brødpose eller matboks. Spesifikasjonen «for næringsmiddel» eller «for mat» oppfyller også forskrifta sitt merkekrav på dette punktet.

Foliar

Aluminiumsfoliar og plastfoliar er mykje brukte i privathushald. Ver nøye med å lese bruksrettleiingane for desse produkta ettersom dei kan innehalde viktige avgrensingar for bruk. Aluminiumsfolie er oftast ikkje eigna til kontakt med sure og salte næringsmiddel, plastfoliar bør kanskje ikkje kome i kontakt med feite næringsmidldel eller dei er ueigna til oppvarming i mikrobølgjeomn.

Boksar og øskjer

Mange bruker tomme isboksar eller bærkorger til å oppbevare matrestar. Denne typen emballasje er i utgangspunktet meint for eingongsbruk. Vi bør ikkje gjenbruke produkta til kontakt med andre næringsmiddel enn det som emballasjen opphavleg var fylt med. Kjøp heller plastboksar for næringsmiddel i daglegvareforretninga.

Tørkerullar

Ikkje alle tørkerullar er eigna til mat. Tørkepapir som er produsert av resirkulert papir, bør ikkje brukast i kontakt med mat eller som «reservefilter» til kaffitraktaren. Resirkulert papir kan innehalde helseskadelege stoff som tungmetall og trykkfargerestar og er derfor berre eigna til å tørke hender og kjøkkenbenkar. Tørkepapir som blir nytta til å tørke av maten, bør vere produsert for slik bruk. Det vil seie at papiret bør vere merkt med glas- og gaffelsymbolet eller med ein tekst som seier at produktet er eigna for direkte kontakt med kjøt, fisk eller andre næringsmiddel.

Oppvarming i mikrobølgjeomn

Bruk av plastmateriale i mikrobølgjeomn krev at plasten toler varme. Det kan vere lurt å sjå om bruk i mikrobølgjeomn står omtalt i bruksrettleiinga. Næringsmiddel må ikkje varmast i originalemballasjen dersom det ikkje er spesifikt oppgitt på pakken.

Pantbare gjenbruksflasker

Gjenbruksflasker skal ikkje fyllast med andre næringsmiddel enn det som blei tappa på dei frå mineralvassprodusenten si side. Gjer det til ein regel å leggje flaskene rett i pantekassen! Forbrukarkjemikal, som malingtynnar, skireins eller motorolje, som ein heller på flaskene, kan utgjere ein helsefare for den neste forbrukaren som nyttar flaska. Heller ikkje andre næringsmiddel med sterk lukt eller smak må hellast på flaskene ettersom stoffa kan setje seg fast i materialet. Sjølv om returflasker skal vere grundig kontrollerte, både med tanke på helsefarlege stoff og sensoriske avvik før ein fyller på dei att, må flaskene ikkje pantast dersom ein er i tvil om kva for væsker som har vore oppbevarte på dei.

Læringsressursar

Emballering og merking av mat