Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Tillaging og produksjonChevronRight
  4. Kraft og jamningChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kraft og jamning

Kraft er ei vassaktig væske som kan kokast på nesten alle typar bein og avskjer frå kjøt, fisk, skaldyr og grønsaker. Vi har i hovudsak to typar krafter, brune og lyse.

Fire auser med kraft. Foto.

Framgangsmåte og koketid kjem an på kor stort dyret er og kva for råvare som er brukt. I denne samanhengen vil du bli kjent med uttrykka «dei fire store» og «bouquet garni».Dersom vi skal tjukne ei kraft for å lage saus eller suppe, kan vi bruke ei jamning. Det finst ulike typar med ulike eigenskapar.

I dette emnet lærer du om inndelinga av kraft og jamningar, og du får ei innføring i dei grunnleggjande prinsippa i dei ulike kategoriane.

Læringsressursar

Kraft og jamning