Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Grøn logistikkChevronRight
  4. Drikkekartong, plastemballasje og emballasjekartongChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Drikkekartong, plastemballasje og emballasjekartong

Her lærer du litt om innsamling av drikkekartong, plastemballasje og emballasjekartong – blant annet hvem som står bak innsamlingen.

Papiravfall
Emballasjekartong.

Drikkekartong

Drikkekartong er kartong dekt med ein tynn film av polyetylenplast eller aluminium, og det er Grønt Punkt Norge AS som driftar innsamlinga av drikkekartong i Noreg. Denne typen kartong blir ikkje berre brukt til emballering av drikkevarer, men også til flytande konservar og flytande vaske- og skyljemiddel.

Kjeldesorteringa av drikkekartong er basert på frivillig innsamling frå hushalda, som skyljer kartongane og stablar dei i kvarandre til «kartongkubbar». Kartongane går først til ein kommunal oppsamlingsplass for komprimering til transporteiningar, og derfrå går kartongane vidare til Sverige for gjenvinning.

Plastemballasje

Grønt Punkt Norge står også for innsamling av plastemballasje frå hushalda i Noreg.

Plastemballasjen skal vere rein og tørr. Emballasje som er vanskeleg å gjere rein, bør gå i restavfallet. Plastemballasje som skal kjeldesorterast, er plastposar, plastfolie, plastbeger, plastkanner, plastboksar og plastflasker.

Plastprodukt som ikkje er emballasje, til dømes leiker, hagemøblar, bytter, hageslangar, kjøkenreiskapar og anna, skal ikkje leverast i returordninga for plastemballasje. Det same gjeld plastkanner og plastflasker som har innehalde oljeprodukt, ekstremt brannfarleg eller giftig avfall.

Emballasjekartong frå hushalda

Grønt Punkt Norge står også for innsamling av emballasjekartong i Noreg.

Emballasjekartong er boksar og øskjer som ikkje er laga av massiv- eller bølgjepapp. Døme på emballasjekartong er øskjer som har innehalde frukostblandingar, kjeks, frosenpizza, leiker og småelektronikk. Dei fleste kommunar tilbyr innbyggjarane ei innsamlingsordning for emballasjekartong. Normalt skjer dette gjennom same innsamlingssystem som for drikkekartongar, aviser, bølgjepapp og annan fiber. Emballasjekartong blir sjeldan sortert ut som ein eigen fraksjon, men går heller naturleg inn i gjenvinningsstraumen saman med annan fiber, som avispapir og bølgjepapp, og blir til nye kartong-, papp- og papirprodukt.

Læringsressursar

Grøn logistikk