Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. EksamenChevronRight
  4. Godstransport i NoregChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Godstransport i Noreg

Denne tverrfaglege oppgåva tek for seg sentrale kompetansemål i programfaga. Tidsplan og organisering svarer til tverrfagleg eksamen på Vg2 og kan variere noko frå fylke til fylke.

Lastebil på landeveien. foto.

Bakgrunn

Du er tilsett som lærling i eit firma som heiter Riktig Transport A/S. Du har fått i oppdrag å planleggje og gjennomføre ein tur der lasta er kleberomnar frå Granitt A/S på Otta.

Turen går nordover i Noreg, og siste levering er i Alta. Du skal levere omnar i Namsos, Mo i Rana, Bodø, Tromsø og Alta.

Omnane er av typen Rosa Biobrenselovn, og kvar omn har ei vekt på 200 kilo. Omnane er rektangulære og er flate på toppen. Dei har desse måla: 103 x 85 x 66 cm.

Mål for lasteskapet på bilen: breidd: 2,43 m, lengd: 7,35 m

  1. Granitt A/S kontaktar deg og ber om ein pris på transporten.
    Bruk tala nedanfor, og berekne prisen. Berekne ei forteneste på 5 % i tillegg til summen av dei totale kostnadene.
    Årleg køyrelengd på bilen kan bereknast til 150 000 km.
  2. Faste kostnader:

    • Forsikring kr. 50.000,-
    • Husleige kr. 100.000,-
    • Nybilpris kr. 1.500.000,-
    • Avskriving er 20 % av nybilprisen
    • Renteutgifter er 7 % av nybilprisen
    • Kontorkostnader kr. 50.000,-

    Variable kostnader:

    • Lønn og sosiale kostnader kr. 280,- pr. time
    • Overnatting kr. 500,- pr. natt
    • Diett
    • Diesel 0,3 liter pr. km.
    • Dekk; nypris totalt kr. 40.000,-, forventet levetid 60.000 km.
    • Vedlikehald kr. 0,50 pr. km.
    • Ikkje pårekna utgifter kr. 0,30 pr. km.
  3. Du skal planleggje turen på ein slik måte at du kan ta last i retur.
    Når kan du vere framme i Alta? Bruk eigne berekningar med dine eigne føresetnader. Skriv ned dei føresetnadene du legg til grunn ved berekninga.
  4. Føraren har ansvar for kontroll av køyretøyet. Kva krev myndigheitene at du kontrollerer før du køyrer? Vis til lovverk og paragrafar
  5. Planlegginga av ein slik tur krev at du har utstyr og dokument som du er pålagt ved lov å ha.
    Skriv ned kva slags utstyr og dokument du må ha med deg på turen.
  6. Når du lastar og sikrar dette lasset, er det viktig at du planlegg godt.
    Vis ved hjelp av ei teikning korleis du tenkjer at lasset kan sikrast. Vis til lovverket om sikring av last.
  7. Fraktbrev er eitt av dokumenta du må ha med på turen. I denne oppgåva må du hjelpe avsendaren med å fylle ut fraktbrevet for dei åtte omnane som skal til Bodø Varmesenter, Storgata 52. Dei fleste opplysningane du treng til utfyllinga, finn du i oppgåva, men du må også bruke nettet for å finne nokre av dei.
  8. Du skal levere omnar på fleire ulike stader (sjå innleiinga til oppgåva).
    I kva for rekkjefølgje vil du laste omnane? Grunngi svaret.
  9. Dette er ein stor leveranse totalt, og spørsmålet er om du kan ta med deg alle omnane som er bestilte.
    Kor mange omnar kan du ta med deg? Er det nokre føresetnader i svaret du kjem fram til?
  10. Kor mange kubikkmeter gods er det plass til i skapet ved 80 % utnytting? Kor mange europallar kan du ha i éi høgd? Vis utrekninga.
  11. Omnane er solide, og det skal mykje til i form av uhell eller aktløyse for at dei skal bli skadde.
    Kva er avsendaren si oppgåve når det gjeld emballering av omnane for transport? Kva andre oppgåver har avsendaren? Vis til lovverk som inneheld føresegner om dette.
  12. I løpet av turen er vara ditt ansvar, og mykje er avhengig av korleis du har utført jobben med lasting og sikring. I tillegg er køyrestilen din viktig.
    Kven vil du ta kontakt med dersom du blir forseinka i forhold til avtalt leveringstidspunkt?
  13. Granitt A/S har ei eiga transportforsikring for omnane sine.
    Kva ville dei fått i erstatning dersom omnane hadde blitt øydelagde og berre godsansvarsforsikringa skulle dekkje skadane?

Læringsressursar

Eksamen