1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
  4. Lastebil med kran og lastebil med kroklyftChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lastebil med kran og lastebil med kroklyft

Her skal vi lære om lastebilar med påmontert kran og om lastebilar med kroklyft.

Blå kranbil
Kranbil.

Lastebil med kran

Kran er eit vanleg utstyr som gjer lastebilen meir tenleg. Nokon kraner er så store at det er snakk om mobile kraner, medan andre er eit hjelpemiddel til lasting og lossing av køyretøyet. Er krana eit hjelpemiddel, er ho enkel å ta av eller setje på. Hugs at ein bil må lastast ulikt med krana på eller av.

Ei lastebilkran kan ha mange ulike typar utstyr, som til dømes pallegaflar, tømmerklo, steinklo eller grabb.

Lastebil med kroklyft

Kroklyft er ei innretning som gjer ein lastebil svært praktisk å bruke. Sjølve påbygget på lastebilen består av ein stor arm som er hydraulisk styrt. Denne armen kan dra på konteinarar som er tilpassa systemet, og då kan konteinaren vere eit ope «lasteplan», ein tank, materialar eller kva vi måtte ønskje. Dette er eit system som blir meir og meir brukt.

Krokbil
Krokbil.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs