Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PåbyggChevronRight
  4. LasteplanChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lasteplan

Her skal vi lære litt om lasteplan, som er den enkleste formen for påbygg.

Lasteplan
Lasteplan.

Eit lasteplan består av eit flak eller golv med ein framvegg og karmar bak og på sidene. Framveggen skal normalt dekkje heile førarhuset, men det er ikkje krav til karmar på sidene og bak. Det vanlege er likevel at det er karmar som er om lag 1 meter høge.

Flaket har gjerne feste for lastsikringsutstyr. Skal lasta vernast mot vêr og vind, må ein bruke presenning. Flaket kan vere utstyrt med konteinarfeste for transport av konteinarar, eller ein kan setje på eit kapell, som gjer påbygget til eit tett rom.

Veggene i eit kapell er laga av duk og liknar på presenning. Duken ligg over eit stativ som er festa til lasteplanet. Rommet blir tett og gir godt vern av godset, og samtidig er påbygget lett, noko som er viktig ettersom ein ønskjer at nyttelasta skal vere størst mogleg.

Eit kapell blir også kalla eit gardinpåbygg. Er det ein semitrailer, vil ein kalle det ei gardintralle. Då kan ein skyve sidene heilt fram eller tilbake, og dermed er heile sida open. I dei fleste tilfella er det karmar på innsida som hindrar godset i å presse direkte på duken i veggen. Kapell blir brukt til dei fleste typane gods der kravet berre er eit tørt transportmiddel.

Skal ein bruke transportmiddelet utanfor EU, vil det vere TIR-godkjent. Det betyr at ingen skal kunne ta seg inn til lasta når ein har sett tollplombe på transportmiddelet, utan at det blir sett tydelege spor.

Kapell på lastebil
Lastebil med kapell.

Læringsressursar

Påbygg

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs