1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LagerstyringChevronRight
  4. Innkjøp og distribusjon av varerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Innkjøp og distribusjon av varer

Her lærer du korleis varekjeder utvekslar informasjon elektronisk mellom sentrallager, regionlager og butikkar, og at det er sentrallageret som gjer innkjøpa på vegner av kjeda som ei eining.

Rema 1000 sitt sentrallager på Langhus utanfor Oslo.
Rema 1000 sitt sentrallager på Langhus utanfor Oslo.

Det er innkjøpsavdelinga si oppgåve å sørgje for at lageret ikkje går tomt for varer. Medan eit sentrallager som regel må kjøpe inn varer frå industribedriftene med lange leietider, kan regionlagera normalt kjøpe inn varene sine frå sentrallageret med korte leietider. Ein stadig større del av daglegvarene våre kjem med båt frå Asia med ei leietid på to månader.

Leietid = tida som går frå bestilling til leveranse. Leietida varierer for kvar artikkel.

Sentrallager og regionallager
Sentrallagera kjøper varer frå norsk og utanlandsk industri (raude piler viser import), leverer vidare til regionlager (svarte piler), som igjen forsyner butikkane (grøne piler).

Kvar dag tek lager imot kundeordrar frå butikkar som skal ha butikkhyllene sine etterfylte. Nokon ordrar kjem elektronisk (via nettbutikk), andre kjem manuelt. Lagera gir ordrestadfesting til butikkane, anten elektronisk eller manuelt. Deretter klargjer lagera butikkordrane for plukk, noko som skjer elektronisk. Så følgjer ein manuell prosess med ordreplukk.

Læringsressursar

Lagerstyring