1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Verdikjede og vareflytChevronRight
  4. Varekjøp fører til avfall og returtransportarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Varekjøp fører til avfall og returtransportar

Her lærer du at avfall blir kjeldesortert i fraksjonar for deretter å bli transportert til attvinningsfabrikkar. Fabrikkane lagar om fraksjonane til nye råvarer.

Figuren viser at alt avfall frå verksemder og sluttbrukarar skal sorterast og vinnast att og gå inn i varekrinsløpet på nytt.
Figuren viser at alt avfall frå verksemder og sluttbrukarar skal sorterast og vinnast att og gå inn i varekrinsløpet på nytt.

Dei fleste sluttbrukarar kjøper daglegvarer i nærbutikkar der dei bur. Faghandelsvarer kjøper vi i byar eller tettstader eller på nettet. Over tid skaper dette til saman store avfallsmengder som samfunnet må ta hand om på ein forsvarleg måte.

Kommunane har ansvaret for å samle inn alt hushaldsavfallet. Næringslivet må sjølv syte for å levere avfallet sitt til godkjende innsamlarar.

Avfallsinnsamlarane sorterer avfallet i ulike fraksjonar. Kvar fraksjon går deretter til ein attvinningsfabrikk.

denne lenkja kan du sjå korleis glas- og metallemballasje blir vunnen att, og korleis det attvunne råstoffet går inn i produksjonen av nye produkt.

Komprimerte aluminiumsbokser på et gjenvinningsanlegg.foto.
Komprimerte aluminiumsboksar på eit gjenvinningsanlegg.

Læringsressursar

Verdikjede og vareflyt

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs