1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. PrisingChevronRight
  4. Prising av turbiltransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Prising av turbiltransport

Prising av turbiltransport skjer på same måten som prising av konteinartransport. Eitt oppdrag legg beslag på heile transportkapasiteten, og vi må få dekning for alle kostnadene våre.

Buss på vei foran foss. foto.
Turistbuss på vei i Trollstigen

Med eit takstøre på 1,50 kr per km for ein enkeltbillett for vaksne vil tolv personar gi kollektivselskapet ei inntekt på 19 kr per km. Dette er normalt nok til å dekkje kostnadene for ein eigen turbuss. Større grupper som skal reise saman, kan derfor komme betre ut økonomisk ved å bestille ein turbuss enn ved å reise kollektiv.

Vi kan bruke den same kalkylemodellen ved kalkulering av eit turbiloppdrag som vi viste i dømet med sjølvkostkalkylen.

Ved turar som krev overnatting, må vi hugse å kalkulere inn hotellkostnaden for sjåføren. I tillegg må alle som driv turbiltransport, gi ein garanti til Reisegarantifondet. Kostnadene til dette må også reknast inn.

Læringsressursar

Prising

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs