1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TransportøkonomiChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Transportøkonomi

Her lærer du litt om ressursar som en yrkessjåfør disponerer under transportoppdrag. Du lærer litt om korleis faste kostnader kan gjerast om til variable kostnader, og du får vite litt om val som sjåføren må ta for å bidra til at bedrifta er konkurransedyktig for nye oppdrag.

Trafikk på to-fils motorvei. foto.

Når ein yrkessjåfør utfører transportoppdrag, disponerer han store ressursar. Å disponere ressursar betyr å kunne rå over eller bruke dei. Dei viktigaste ressursane ein sjåfør rår over, er seg sjølv og køyretøyet. I tillegg har sjåføren kommunikasjonsutstyr som under normale forhold gir rask tilgang til dei andre ressursane til arbeidsgjevaren og offentlege hjelperessursar ved behov.

I økonomisk terminologi seier vi at eit køyretøy representerer eit anleggsmiddel for bedrifter som eig sine eigne transportmiddel. Eit anleggsmiddeler noko som er bestemt til varig eige eller bruk for ein periode på meir enn eitt år ( rekneskapslova § 5–1). Anleggsmiddel reknar vi som faste kostnader når vi skal kalkulere transportoppdrag. Eigedelar med varigheit under eitt år kallar vi omløpsmiddel, og dei reknar vi som variable kostnader når vi skal kalkulere kostnader.

Ei bedrift kan gjere faste kostnader variable ved å leige i staden for å eige. Mange transportbedrifter leaserkøyretøya sine. Då leiger dei køyretøya i staden for å eige dei. For bedrifter som leaser køyretøya sine, blir leasingavtalen ein variabel kostnad.

Om ein leasingavtale vil representere ein fast eller variabel kostnad, avheng av tidshorisonten på leasingavtalen. Det fins minileasing der tidshorisonten er ein månad. Ved ein så kort tidshorisont blir leasingkostnaden ein variabel kostnad som bedrifta kan kvitte seg med på kort sikt. Ved ein avtalehorisont på tre år, blir leasingkostnaden ein fast kostnad.

Kostnader til køyretøy, sjåførlønn og administrative kostnader avgjer om bedrifta du arbeider i, er konkurransedyktig for nye oppdrag. Målet for ei bedrift er å skape inntekter som overstig kostnadene. Det er berre på denne måten bedrifta kan overleve og utvikle seg over tid. Derfor er det avgjerande at du gjer riktige val i desse situasjonane:

  • når du inngår avtalar om transportoppdrag
  • når du gjennomfører inngåtte transportavtalar
  • i arbeidet med å ta vare på køyretøyet
  • i situasjonar der det oppstår avvik frå inngåtte transportavtalar
Sjåfør og tungbil. foto.
Dei viktigaste ressursane ein sjåfør rår over, er seg sjølv og køyretøyet.

Læringsressursar

Transportøkonomi