1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Emballering og klargjøringChevronRight
  4. Merking av varerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Merking av varer

Det finst ulike merkjestandardar for merking av varer. Her ser vi nærare på to slike merkjestandardar.

Tallene under strekkoden betyr ulike ting.
Tala under strekkoden gjer informasjon om land, leverandør, vare og kontrollsiffer.

GTIN – Global Trade Item Number – det unike varenummeret

Kvar gong du handlar i butikken, skannar butikkmedarbeidaren strekkodane på varene du handlar. Strekkodane inneheld unike varenummer som du kan lese i klartekst som tal under sjølve strekkodane.

Tala består av 13 sifre

Dei to første siffera angir produsentlandet. Noreg har siffera 70. Dei neste siffera angir leverandøren eller varemerkeeigaren. Det finst både fire-, fem- og sjusifra leverandørnummer. Om det tredje sifferet er 0, 2, 3, 4 eller 5, er leverandørnummeret firesifra. Startar det på 7, er det femsifra, og startar det på 9, er det sjusifra. Etter leverandørnummeret kjem varenummeret som er eit unikt nummer for kvart produkt som ein leverandør produserer. Til slutt kjem eit kontrollsiffer.

Døme

Varenummeret for ½ l mjølk fra TINE Meierier er 7038010001659.

Dei to første siffera fortel at produktet er frå Noreg. Dei fire neste gir leverandørnummeret. TINE Meierier har leverandørnummer 3801. ½ l mjølk er tildelt varenummeret 000165 av Tine. Det siste sifferet er eit kontrollsiffer. Når dei ti første siffera er kjende, kan det ellevte kontrollsifferet reknast ut ved hjelp av ein formel.

For at tala skal kunne registrerast automatisk med stor nøyaktigheit, er tala omgjorde til strekkodar. Ved hjelp av strekkodelesarar kan informasjonen i strekkodane lesast optisk.

I lenkja «GS1» i margen kan du lese meir om merking av varer og gods: GS1.

RFID – Radiofrekvens-identifikator

Hånd som holder en liten, blå RFID-chip.foto.

Ein strekkode inneheld lite informasjon. I staden for strekkodar kan vi bruke RFID-brikker. Ei RFID-brikke er ein liten microchip som kan lagre informasjon. Ved hjelp av skannarar kan informasjonen i brikka hentast ut raskt. Førebels er tryggleiken knytt til bruk av RFID-brikker for dårleg. Etter kvart som teknologien slår gjennom, vil RFID-brikkene erstatte strekkodane. I mellomtida arbeider aktørane med å lage standardar for korleis informasjonen i brikkene skal lagrast.

Du kan lese meir om RFID-brikker hos Forskingsrådet, sjå lenkja Om RFID-brikken.

Læringsressursar

Emballering og klargjøring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs